Eingongsgrill kan ha ført til brann

Litt før seks fredag kveld melde Salten Brann om at ein bygning på Brandsholmen i Leknes stod i brann. Varslaren sjølv fekk so og seie sløkka brannen, og brannmannskap dreiv ettersløkking frå ei redningsskøyte.

– Innsatsleiar sa det var tomme ølboksar og eingongsgrillar i nærleiken, so det kan ha vore slik brannen starta, seier Trond Rabben, vaktkommandør hjå Salten Brann IKS.