Hopp til innhold

Gamalt uttrykk dukka plutseleg opp: – Har det noko med dyr å gjere?

Ordet «dyrtid» blei ein del av ordforrådet vårt i fjor. Men visste du at det ikkje er eit heilt nytt ord?

17 år gamle Anton Gagnum i Bodø har lyst halvlangt hår, blå øyne og grøn genser. Han står i ein skobutikk i Bodø.

FORSTÅR IKKJE ORDET: 17 år gamle Anton Gagnum i Bodø føler ikkje at det er nødvendig med eit eiget ord for «dyrtid». Det hadde heldt å seie at det er dyrt, meiner han.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

For om lag eit år sidan dukka det opp eit nytt ord i norske media.

Dyrtid.

No dukkar ordet opp både hos politikarar og fagfolk.

Men kva betyr ordet eigentleg?

– Har det noko med dyr å gjere? Noko sånt som å bruke tid med eit dyr, foreslår 17 år gamle Anton Gagnum i Bodø.

Han har aldri høyrt ordet før.

NRK kan avsløre at det handlar om at det er dyre tider.

– Altså at tida er dyrebar, då? Eller at ting kostar mykje pengar? spør Anton.

Det var de årene

Dyrtid er ikkje eit nytt ord. Det blei mykje brukt på 70-talet frå arbeiderrøsla. Særleg dei som var imot EU.

Foto: Grabbet fra fil

For sjølv om ordet plutseleg er ein del av det offentlege ordskiftet, er det for nokon framand og uforståeleg.

– Synest du det er eit godt ord?

– Nei. Eg synest det er eit heilt grufullt ord som er dumt samansett.

August Skjernshaugen har grønn caps, grågrønn jakke og hvit og grønt skjerf og står utenfor en butikk i glasshuset i Bodø.

– Eg tenkjer dyrtid betyr at prisene går opp og at det ikkje er så mykje inntekter i resten av samfunnet, seier August Skjernshaugen i Bodø. Han synest det er eit godt ord, fordi det er forankra i historia.

17 år gamle Tiril Bjørno og Emil Tverrli står i glasshuset i Bodø med ytterjakker på og smiler til kamera.

17 år gamle Tiril Bjørno og Emil Tverrli har ikkje høyrt om dyrtid før. – Eg tenkjer det kanskje har noko med dyr å gjere, eller kanskje noko med at det er dyre priser, seier Tiril. – Eg trur det må vere eit ganske nytt ord, seier Emil Tverrli.

16 år gamle Elise Sofie Beck Larsen står utenfor Fram kino i Bodø. Hun har det lyes håret i flette og blå øyne og svart ytterjakke på.

– Eg har aldri høyrt ordet dyrtid før. Kanskje det handlar om at ting er dyrt. Det seier 16 år gamle Elise Sofie Beck Larsen. – Eg trur det må vere eit nytt ord, sidan eg aldri har høyrt det før, og det er litt dyrt for tida.

Alessandro Pratelli og kona står i glasshuset i Bodø med skjerf og ytterjakke på og smiler til kamera.

Heller ikkje Alessandro Pratelli og kona hans har høyrt ordet dyrtid før. – Det høyrest ikkje bra ut. Det må handle om økonomien, trur Alessandro. – No er det vanskeleg for folk med økonomien, for å få råd til ting.

Les også Ekspertene anbefaler åpenhet: – Vi snakker om alle kjøp over 1000 kroner

Vår Eline Brasetvik og Martin Arnesen

Eit veldig gamalt ord

Anton Gagnum i Bodø trur ordet «dyrtid» må vere nytt, sidan han aldri har høyrt det før.

Men ordet er ikkje nytt i det heile. Det er faktisk veldig gamalt.

– Vi finn det langt tilbake i tid. Den danske forfattaren Ludvig Holberg brukte det allereie på 1700-talet, fortel Daniel Ims, avdelingsdirektør i Språkrådet.

Daniel Gusfre Ims

Daniel Ims, avdelingsdirektør i Språkrådet, meiner «dyrtid» er eit ord som folk kjenner seg igjen i. – Berre at prisen på ein vare går opp, er ikkje nok. Det må gjelde fleire varar og må gå føre seg over ei viss tid på fleire område som varer og tenester.

Foto: Moment Studio

Men ordet har ikkje blitt brukt heile tida sidan 1700-talet.

Det blir berre brukt når varer og tenester er spesielt dyrt.

– Rundt 1. verdskrig er det brukt mykje. Så blei det brukt i 30-åra og etter 2. verdskrig, seier Ims.

Så blei det ikkje brukt noko særleg før i byrjinga av 70-åra, då det var inflasjonsperiode og oljekrise.

Men så forsvann det. Fram til det plutseleg dukka opp på Stortingets talarstol i februar 2022 der Torgeir Knag Fylkesnes (SV) meinte vi måtte ta grep om «dyrtida».

Tidslinje over dyrtid

Det er vanskeleg å gi ein eksakt start for dyrtida i Noreg. Fleire hendingar har nemleg verka inn på at alt noe er dyrare. Her er nokre av dei.

Les også Trang økonomi gjør at nordmenn handler mer brukt: – Mange flere som kommer

bruktmarked

Røter i arbeiderrøsla

– Til samanlikning med inflasjon, som er eit uttrykk for ei anna side av saka, gir dyrtid meir att følelsen folk har av at alt er dyrt, seier Ims.

Men ordet har også ein politisk klangbotn. I Noreg er det knytt til arbeidarrørsla.

– Kampen mot dyrtida var eit slagord på 70-talet. Særleg neisida i EF-debatten brukte det. Det gjer at det ligg til rette for at politikarane kan ta det i bruk og det gir ein del resonans, seier Ims.

Dyrtid og arbeidsløshet

Ordet dyrtid blei først brukt i Noreg om nødssituasjonen under og like etter første verdskrig, mellom 1914 og 1920, då det var blitt meir enn tre gongar så dyrt å leve.

Foto: NRK

Han meiner ordet illustrerer ein generell oppleving av ei tid. Det kan samanliknast med ei krise, som smørkrisa, som seier noko meir enn berre kva den enkelte opplever.

– Er det eit godt ord?

– Dyrtid er dyre tider. Det slår an på den måten. Det trenger ikkje enn vidare forklaring. Det er eit godt ord fordi det er relativt sjølvforklarande og eit ord med lang tradisjon.

Herøy kommune, Helgeland. Fjell, bilvei, hav og hus.

Ei fjerdedel av husstandane i Noreg slit framleis, sjølv om tiltak mot dyrtida har hjelpt for dei trygge, og dei utsette hushaldningane.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

– Men kvifor kan ein ikkje berre si at det er dyre tider?

– Det får ein litt annan betydning når det blir eit substantiv. Då får det ein litt annan betydning, og uttrykker meir ein spesiell periode.

Illustrasjonsfoto: Norge i de harde tretti-åra

Kor vanleg er det å bruke ordet dyrtid?

Ifølge Retriver blei «dyrtid» brukt 1235 gongar i 2022. Det er venstresida som har brikt det mest, altså SV, Raudt og Arbeidarpartiet. Men også Frp har tatt ordet i sin munn.

Til samanlikning er ordet «inflasjon» brukt over 20.000 gongar i same periode viser ei analyse av sjefredaktør Veslemøy Hedvig Østrem, i Altinget.

mn7l0OUGOw0
Berit Roald / NTB

Men har det nye ordet «dyrtid» hatt nokon effekt?

Ja, meiner SIFO-forskar Christian Poppe.

– Det har kome ein god del tiltak som er knytt opp til det. Seinast i statsbudsjettet søndag, der dei aukar barnetrygd og minstepensjon. Det er relativt målretta tiltak mot dyrtida.

I tillegg seier han det kom fleire tiltak i revidert statsbudsjett som einsleg forsørgar.

Arbeidsløysa har vore låg, rundt 3,3 prosent dei første månadene av 2022. Dei første månadane av 2023 har lediggangen vore svakt aukande.

Liten gut er lei seg fattig illustrasjon barn
Sara Johannessen / SCANPIX

Kor mykje har det eigentleg hjelpt å snakke om dyrtid?

– Det har bremsa fallet, seier SIFO-forskar Poppe og peiker på sin eigen rapport frå august i år.

Han meiner dei utsette og trygge husstandane har blitt vippa litt på plussida. Men det er framleis negativ utvikling for dei nedste 25 prosentene av hushaldningane.

– Tiltaket har nok også bremsa fallet for desse, slik at det ikkje har blitt så ille som det kunne blitt. Men tiltaka har ikkje vore nok i mengde for å bringe dei over på plussida.

Kva er eigentleg dyrtid?

Christian Poppe er forskar ved Oslo Met, ved senter for velferds- og arbeidslivsforsking i Forbruksinstituttet SIFO.

Han seier omgrepet dyrtid er meir enn høg prisstigning der folks inntekter ikkje held tritt med utgiftene.

– I tillegg kjem endringane plutseleg. Dei kastar opp ned på folks økonomiske vanar og framtidsutsikter.

For prisstigningane handlar om heilt naudsynte varer og tenester over lang tid.

SIFO-forsker Christian Poppe

SIFO-forskar Christian Poppe seier effekten av dyrtida kunne ha vore verre. Det er mellom anna fordi mange hadde spart pengar under pandemien som dei kunne bruke som ein buffer i starten av dyrtida.

Foto: Eivind Rohne / OsloMet

– Dyrtid skaper auka økonomiske og sosiale forskjellar i samfunnet. I ytste konsekvens, fattigdom for dei som blir hardast ramma.

Dette viser også mykje av Poppes eigen forsking. For første gong på fleire tiår har det vore ei stor fattigdomsdiskusjon i Noreg.

– Sjølv om vi heldigvis er lang frå nødstilfella i mellomkrigstida, viser dette at omgrepet dyrtid reiser ein heilt anna type diskusjon enn ordet inflasjon gjer.

Les også Runar er en av mange som søker om avdragsfrihet på lånet

Runar i tunnelen.