Hopp til innhold

Dressmann har eigne butikkar for store storleikar: – Diskriminerande

Knut Borgan meiner at kjedebutikken burde ha alle storleikane i same butikk. Det har Dressmann-butikken i Bodø prøvd, og det var ein suksess.

Knut Borgan har på seg ei skjorte som er for kort i armane og står inn ei ei stove.

PASSAR IKKJE: Knut Borgan slit med å finne skjorter, genserar og jakker som er lange nok i armane.

Foto: Privat

– Ein ting som irriterer meg er Dressmann sitt prinsipp om at menn over 2XL konsekvent blir tilvist til eigne butikkar for større menn.

Det seier Knut Borgan frå Fagerstrand i Nesodden kommune. Som ein mann på rundt to meter, slit han med å finne skjorter, genserar og jakker som er lange nok i armane.

Difor treng han storleik 3XL, og det finn han ikkje i ein vanleg Dressmann-butikk.

– Eg får svar om at dei ikkje får inn eksemplar av den storleiken i dei vanlege butikkane, seier han.

Dressmann har to type butikkar. Ein vanleg Dressmann som sel herreklede i storleikane S til 3XL. Og ein Dressmann XL der dei sel storleikane 2XL til 9XL.

Denne todelinga meiner Borgan er unødvendig og diskriminerande.

– Eg synest terskelen for å bli sett på som «spesialist-stor», ligg veldig lågt hos Dressmann, seier Borgan og lurar på kvifor Dressmann ikkje har alle storleikane i same butikk.

Les også Viktor (19) slit med å finne klede som passar: – Laga for slanke og høge personar

Viktor Waal Solberg med kvit bukse, blå gensar og lys boblevest.

Jitse Jonathan Buitink frå Andøya i Nordland er einig. Han er ikkje like høg som Borgan, men har kjent på det same.

– At ein konsekvent berre tek inn eit viss tal på størrelsar, det syns eg ikkje noko om.

Skamma seg over eigen kropp

Som leiar av Nordland SV ville Buitink kjøpe seg ny dress før fylkesårsmøtet. Då gjekk han på ein Dressmann-butikk i Nordland, men dressen han ville ha, selde dei ikkje i storleiken hans. Jakka fekk han på seg, men ikkje buksa.

– Eg følte eg burde ha skamma meg over eigen kropp. Og den er ikkje så ille. Eg er ikkje smellfeit. Eg har alltid vore stor og kraftig, og no har eg fått litt mage slik ein får når åra går, seier Buitink.

Leiar av Nordland Sv Jitse Jonathan Buitink med langt lyst skjegg står på ei kai der ein fiskebåt ligg. Ikledd svart hatt, raudt skjerf og kvit strikkargensar.

Leiar av Nordland SV, Jitse Jonathan Buitink meiner Dressmann burde ha alle størrelsane i same butikk.

Foto: Ingrid Stavrum

Han har ikkje ein kropp som er innanfor det som blir sett på som dei normale størrelsane, fortel han.

– Eg er utanfor den normalen, og det likar eg ikkje. Eg forstår at nokon er langt utafor, og at butikkane ikkje kan ha alle typar størrelsar, men eg meiner det er drygt å berre skulle ha S til XL i ein butikk.

Han meiner Dressmann som ein butikkjede har eit ansvar og burde ha alle størrelsane i same butikk.

Dressmann Bodø tilbyr alle størrelsane

Dressmann starta med Dressmann XL fordi målgruppa etterspurde større storleikar, seier marknadssjef Snorre Vik.

– Dressmann har i rundt 20 år tilbydd utval i storleikar opptil 9XL, men då berre tilgjengeleg i enkelte spesialbutikkar, før vi definerte dette som eit eige konsept med eigne butikkar.

Dressmann har 134 butikkar i Noreg og 13 Dressmann XL-butikkar.

Bodø er førebels den einaste butikken i Noreg som rommar begge konsepta, men Dressmann seier de ikkje utelukkar at det dukkar opp fleire slike butikkar andre stader i landet.

Logoer og merkevarer i Oslo sentrum

Dressmann starta med eigne butikkar for store storleikar fordi kundane etterspurde det.

Foto: Ludvig Heiberg Larsen / NTB

Og i Bodø har dei fått gode tilbakemeldingar.

– Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar frå kundar, som seier dei er nøgde med å finne alle storleikane på same plass, seier regionsjef for Dressmann i Nord-Noreg, Tone Nyland.

Butikken i Bodø tok over nabolokalet som var ledig, slik at dei fekk litt ekstra plass. Då bestemte dei seg for å slå saman Dressmann og Dressmann XL, forklarar Nyland.

– Det har fungert veldig godt, men det er fordi vi hadde moglegheit og plass, seier ho, og legg til at det er ikkje alle Dressmann-butikkar som har plass til å ha storleikar opp til 9XL.

Men ho er tydleg på at kundar som treng større storleikar enn det dei kan finne i ein vanleg Dressmann-butikk, kan bestille på nett, eller få hjelp til dette frå dei som jobbar i butikken.

Les også Jules (26) er et sjeldent eksempel i modellbransjen

Modell Jules Akvama

Vidare seier marknadssjef Vik at kundane er nøgd med konseptet deira, og har ikkje kommentarar til saka utover det.