Hopp til innhold

Desse legemidla blir selt mest no: Paracet og Otrivin på toppen

Luftvegsinfeksjonar, korona og influensa held fram med å spreie seg inn i det nye året. Dette handlar vi mest av på apoteket.

Legemiddel på apotek

Den gode gamle Paraceten tronar på lista hos både Apotek 1, Vitusapotek og Farmasiet.

Foto: Berit Roald / NPK

Sjukehusa hevar beredskapen og virustoppen er enno ikkje nådd, ifølge assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.

Fagdirektør Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet seier til NRK at han reknar med at fleire hundre tusen blir smitta av covid og influensa.

Dette har fått folk til å strøyme til apoteka.

Mange kjem innom apoteket og søkjer råd om smertelindring til sår hals og plagsam hoste for tida, seier pressesjef i Apotek 1, Silje Ensrud.

Vitusapotek og nettapoteket Farmasiet har også merka stor pågang.

Dette er topp-tre lista over legemidla knytt til influensa og luftvegsinfeksjonar nordmenn har kjøpt mykje av den siste tida:

Paracet

Den gode gamle Paraceten tronar på lista hos både Apotek 1, Vitusapotek og Farmasiet.

Det er det aller mest populære, seier driftsdirektør i Farmasiet, Stig Henning Pedersen.

Overlege hos Legemiddelverket Sigurd Hortemo seier at når ein får influensa og slike plager er det mange som har behov for smertestillande og febernedsettande medikament.

I den samanheng anbefaler vi at ein vel Paracetamol, det gir mindre biverknadar enn Ibux, seier Hortemo.

Han legg til at Ibux er greitt for friske unge menneske, men at det går dårleg saman med fleire andre legemiddel som blir mykje brukt. Til dømes blodfortynnande.

Les også Derfor slepper nokon unna – mens andre blir smitta og sjuke

Raymond Dokmo.

Otrivin og Ibux

På andreplass ligg Otrivin nasespray både hos Farmasiet og Apotek 1.

– Plagsam nase er felles for dei sjukdommane som river i oss no, og då er Otrivin den mest kjende nasesprayen i Noreg, sjølv om det finst andre som til dels også er rimelegare i pris, seier Pedersen i Farmasiet.

Dei siste to åra har Otrivin nasespray vore det mest selde reseptfrie legemiddelet i Noreg, viser tal frå FHI.

Nasespray og nasedropar med legemiddel, ikkje berre vatn, kan hjelpe å løyse opp tett nase, seier fagdirektør Aavitsland i FHI.

Hos Vitusapotek er det Ibux som ligg på andreplass.

Les også Du kan få koronavirus og influensa samtidig: – Et ekstra poeng å ta influensavaksine i år

Vaksine blir satt inn i armen.

Ibux, omega 3 og hostesaft

Ibuxen kjem på tredjeplass hos Apotek 1, medan Vitusapotek har omega-3 kapslar.

Hos Farmasiet er det reseptfritt og reseptbelagd hostesaft som er populært.

– Det er såpass mykje etterspurnad etter hostesaft no at det er utselt for mange av desse på resept. Dei er det vanskeleg å få tak i, i Noreg.

Og av reseptfri hostesaft er det Sovipect som det går mykje av hos nettapoteket. Dette trass i at reseptfri hostesaft er lite brukt i Noreg, ifølge Pedersen.

Hortemo seier at reseptfrie hostesafter ikkje har noko føre seg.

– Reseptfri hostesaft har marginal effekt. Der tenkjer eg at ein kjem like langt med å drikke rikeleg. Om ein har ein skikkeleg plagsam og tørr hoste så finst det effektive hostesafter, men dei inneheld morfin-liknande som verkestoff og krev resept frå lege.

Ifølge pressesjef Silje Ensur har Apotek 1 fått tilbake reseptbelagt Cosylan på lager, etter at det har vore legemiddelmangel i lengre periodar på grunn av leveringsproblem.

Les også Åpner opp for fjerde dose, men sier folk må vurdere selv: – Gjør folk usikre og rådløse

Koronavaksinering i Bodø

Halstablettar klatrar på lista

Det har kome litt andre behandlingsmoglegheiter knytt til vond hals, fortel Pedersen i Farmasiet.

Det er halstablettar som inneheld smertelindring. Dei ​​​​​​tre vanlegaste er Strefen, Syx og Dekadin duo, ifølge Pedersen.

Det som er spesielt med dei er at dei inneheld anten eit bedøvande middel, det same som ein brukar når ein smør på myggmiddel, eller dei inneheld eit smertestillande middel, som til dømes Ibux.

Han fortel at ein får ei umiddelbar lindring av den såre halsen.

Dei har gått frå å bli ukjente, til å bli meir og meir vanlege. Dei klatrar oppover på salslistene våre.

Overlege Hortemo hos Statens legemiddelverk seier at Paracet kan vere like bra.

Det har kome nokre sugetablettar som har lokal smertestillande effekt. Det er ei moglegheit om ein har mykje vondt i halsen, men Paracet kan vere like bra.

Strefen
Foto: Hans Ola Hevrøy / NRK

Blir ikkje fortare frisk

Medikamenta nemnt over hjelper ført og fremst på lindring av plagar, ingen av dei gjer deg fortare frisk. Det seier Aavitsland i FHI.

Sjukdommane tek den tida dei tek. Ein får freiste å ha det så komfortabelt som mogleg medan ein ventar på at immunforsvaret skal gjere jobben sin. Hugs å drikke, seier Aavitsland.

Når det kjem til andre kjerringråd og medikament som C-vitamin, homøopatiske middel, urter, honning, sinktablettar og slikt, meiner Aavitsland at det ikkje har noko føre seg.

Det viktigaste når du blir sjuk er å ta det med ro og halde deg heime, seier Hortemo.

Sistnemnde er og viktig for å hindre smittespreiinga i samfunnet. Så må ein drikke godt og ete om du orkar det, seier han.