Hopp til innhold

Dei blå auga dine er brunare enn du trur

Dei fleste av oss har lært at blåauga foreldre får blåauga barn. Men fullt så enkelt er det ikkje.

Illustrasjonsbilde av blå auge/øyne.

BLÅ: All augefarge er variasjonar av brukt i utgangspunktet, opplyser lege Sara Nøland.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

Far har brune, mor har blå, men kva skal vesle Ole få?

Vitskapen er i konstant utvikling. Det inneber også at ting som vi har trudd var sjølvsagt før, viser seg å ikkje vere det i dag.

– På ungdomsskulen lærte eg at det var ein veldig føreseieleg arvegang, at viss mor og far har det, så får barn det.

Det seier lege og forfattar Sara Nøland som har fordjupa seg i augefaget.

Bilde av Sara Tellefsen Nøland
Foto: Privat

For tida er ho aktuell med boka Auget – kroppens fantastiske kamera.

Dei seinare åra har det derimot vist seg at augefarge blir styrt av veldig mange fleire gen. Dermed er det altså ein mykje mindre føreseieleg arvegang enn ein tidlegare har trudd.

Det er funne rundt 61 gen. Derfor kan ein ikkje heilt enkelt seie at to mørkauga foreldre får barn med mørke auge, seier Nøland.

Fargelause auge vil stå fram blå

Reint fysisk kan ein altså seie at ingen med blå auge i realiteten har blå auge.

Årsaka er at vi ikkje har blått pigment i det heile tatt. Blåfargen oppstår nemleg på grunn av fråvær av pigment.

Det gjer auget i utgangspunktet nok så fargelaust.

Blåfargen skyldas ein fysisk effekt som kallast for tyndalleffekten, som handlar om ulike bølgelengder i lys.

Visste du at vi ikkje er utstyrt med andre fargepigment enn brunt?

– Dei blå bølgelengdene er korte, så når lyset frå omgjevnadane treffer auget, så vil desse bølgelengdene spreie seg i regnbogehinna, opplyse Nøland.

Då står fram auget blått, men heilt utan blåpigment.

– Dette kan ein samanlikne med korleis himmelen står fram blå, utan at han er det. Det skuldast ein liknande effekt, som også handlar om at korte bølgelengder spreier seg på himmelen.

Nyfødt baby på mors bryst.

Det er ikkje alltid gitt korleis farge auga til babyen vil få.

Foto: Shutterstock

Brunt og gult = grønt

– Det er fleire komponentar som totalt sett påverkar korleis fargen står fram, seier Nøland, som forklarar det med to hovudårsaker:

  • Mengda melanin
  • Forma på vevet i regnbogehinna

Melanin er altså pigment (fargestoff) som hos menneske gir mørkfarging av hud, hår og regnbuehinne. Men dette eine pigmentet, som er det einaste vi har, finst det to typar av.

Det vanlegaste pigmentet heiter eumelanin som gir brunfarge.

Ein undertype kallast for feomelanin, ei blanding gulraude pigment, som er typisk for folk med lys hud og oransje hår.

Men så har vi jo blått, grønt og litt gyllent i tillegg.

– Viss ein då har meir av feomelanin, og det blandast med den blå effekten, så vil det gi ei framstilling av grønt, forklarar Nøland.

Følgeleg vil dei som har mykje av det klassiske pigmentet melanin, det brune, er mørkare i huda og auga – og motsett.

Les også Erling «redder» sykehuset: Får 50.000 for å jobbe under studiene

Erling Ole Bakkefjell står og jobber med blodprøver i et laboratorium.

All augefarge er variasjonar av brunt

Såleis er all augefarge, slik Nøland forklarar det, variasjonar av brunt.

Bølgelengdene frå lyset er også dei same blant alle menneske.

– Og dersom det er lite melanin, der ein ser for seg at auget er litt gjennomsiktig eller fargelaust, vil effekten av bølgelengda manifestere seg.

– Bølgelengde vil fungere på akkurat same måte for alle individ, forklarar Nøland.

Dei korte, blå bølgelengdene vil alltid ha den eigenskapen at dei spreier seg i regnbogehinna lettare på alle menneske.

Bølgelengda fungerer på same måte for dei med mørke auge, men då vil altså melaninet vere der og skape fargen først.

Les også Ella (2) dro til legevakta med kutt i ansiktet – fikk øyet limt igjen

Ella (2) fikk lim i øyet da legen på legevakta prøvde å lime igjen såret på øyebrynet hennes.