Hopp til innhold

Svindeloffer kan få frådrag på skatten: – Vi ser ein kraftig auke

«Ukjent» skatteregel kan gjere at svindeloffer får dekka delar av tapa sine.

Illustrasjon av svindler foran en PC-skjerm.

OPPGANG: Dei siste åra har bedrageri ved investering i kryptovaluta auka, og vil truleg fortsette med det.

Illustrasjon: Egil Ursin / NRK

– Eg mistenker at ein del personar ikkje veit at dei har rett på frådrag på skatten, seier Erlend Ringstad.

Han jobbar i Kryptosekken AS, som hjelper folk med å rekne ut skatt og rapportere til skattemeldinga.

NRK har tidlegare skrive om mannen som blei lurt for 200 000 kroner som følge av kryptosvindel.

Ringstad har høyrt mange liknande historier.

Kundane fortel om tips til investering og falske nyheitsartiklar som dei får via sosiale medium. Dei kjem ofte frå vener som har fått sine kontoar hacka.

Andre har sjølv søkt seg fram til nettsider som ser legitime ut. Det er før dei forsøker å ta verdiane ut frå tenesta.

Nokre blir også lurt til å gi frå seg kontrollen over dei digitale lommebøkene.

– Men det er flest av dei som blir svindla eller har tap fordi dei gjer dårlege investeringar. Enten kjøper dei produkt som er svindel, eller produkt med høgare risiko enn det dei forstår, seier Ringstad.

Portrett av mann med naturmotiv i bakgrunnen.

FORNUFTIG: Staten Noreg bidrar med 22 prosent reduksjon i det tapet du har hatt. – Fornuftig å krevje når du har blitt utsett for noko slikt, seier Erlend Ringstad i Kryptosekken AS.

Foto: Privat

Kraftig auke i tal på krav

I Økokrim si ferske trusselvurdering, kjem det fram at svindel ved sal av kryptovaluta har auka dei siste åra. Dei spår også at auken vil fortsette.

Portrett bilde av Marius Johansen, med briller og blå skjorte. Med kvit vegg som bakgrunn.

FLEIRE SPØRSMÅL: Seniorrådgivar i Skatteetaten, Marius Johansen, opplever ein kraftig auke av spørsmål knytt til investering i krypto.

Foto: Privat

Marius Johansen er fagansvarleg for Skatteetaten si kryptosatsing. Han bekreftar til NRK at det er ein regel som ikkje alle er kjende med.

– Det stemmer at ein del ikkje er klare over moglegheita for å få frådrag.

Samtidig opplever han langt fleire spørsmål om kryptovaluta det siste året.

Han trur at endå fleire kjem til å krevje frådrag i skattemeldinga for 2021.

– Vi såg at beløpet auka ganske mykje kontra året før. Vi antar at det delvis har samanheng med at folk har blitt svindla, seier Johansen.

Les også Gjenåpner grov bitcoin-svindelsak etter NRK-avsløring

Illustrasjon av mann med hette foran PC.

Kan få frådrag

Metodane som svindlarane brukar er mange. Dei speler på krig og kjærleik, gøymde bak digitale skjermar.

Nordmenn har sendt 75 millionar kroner ut av landet i samanheng med kryptosvindel i 2021, ifølge Økokrim.

Dei ser det som svært sannsynleg at omfanget av bedrageri ved kryptovaluta vil auke. I tillegg vil nordmenn, spesielt menn i alderen 60–80 år, truleg bli svindla med store beløp.

I rapporten kjem det fram at talet på personar som blir svindla er færre, men at det totale beløpet vi blir svindla for er større.

Men om du først har hamna utfor, kan du få frådrag på skatten.

Det er fordi inntekt frå kryptovaluta og andre digitale verdiar blir rekna som formuesobjekt, altså eigedelar. Desse må du skatte 22 prosent av.

På same måte kan du få 22 prosent reduksjon ved økonomiske tap.

Sjølv om mange er uheldige, har hovudvekta av Kryptosekken AS sine kundar tatt kontakt for å føre skatten korrekt i skattemeldinga.

– Vi synest det er hyggelegast når folk har tent pengar og må betale ekstra skatt på investeringa, seier han.

Les også Noreg er på svindeltoppen: – Vi er for naive og godtruande

Telefon som ringer illustrasjon