Hopp til innhold

Noreg er på svindeltoppen: – Vi er for naive og godtruande

Noreg er mykje meir utsett for svindel på telefon enn våre naboland. Men det er mogleg å kome seg unna svindlarane.

Telefon som ringer illustrasjon

Svindlarane lét det ringe berre ein gong før dei kuttar linja. Svindelen ligg i at folk ringer tilbake.

Foto: KAI JÆGER KRISTOFFERSEN / NRK

Noreg er mykje meir utsett for forsøk på telefonsvindel enn våre naboland.

Det viser ferske tal frå Telia.

I løpet av januar blokkerte selskapet nærmare 4 millionar oppringingar i Noreg. Det er om lag dobbelt så mykje som vår naboland Sverige og Danmark.

Ringar og legg på

NRK har tidlegare skrive fleire saker om ulike metodar for svindel som nordmenn no er stadig meir utsette for.

Dei har namn som phishing, spoofing og smishing.

Men stadig fleire opplever no ein type svindel som vert kalla for wangiri.

Det betyr «eitt ring og kutt» på japansk, og det er nettopp det svindlarane gjer. Dei lét det ringe berre ein gong før dei kuttar linja. Svindelen ligg i at folk ringer tilbake.

Det tener bakmennene gode pengar på.

Øivind Kristiansen, Fraud Controller i Telia Norge

– Det kan vere at vi er litt for naiv og godtruande, seier Øivind Kristiansen i Telia.

Foto: Øivind Kristiansen / Privat

Telia har på tvers av dei nordiske landa og Baltikum eit system som overvaker denne aktiviteten. Selskapet stanser aktivt telefonoppringingar dei avdekkjer som wangiri.

Samtidig sperrar de for moglegheita kundane har til å ringje tilbake for å unngå at dei blir lurt. Tal frå Telia viser at svindlarane gjer framstøyt i Noreg i ein heilt annan skala enn i nabolanda våre.

Naive nordmenn?

– Kvifor er vi forsøkt svindla nesten dobbelt så mykje som våre naboar?

– Det er vanskeleg å svare på, men dei som held på med dette har skjønt at dei får svar og at norske kundar ringer tilbake. Dei har antakelegvis ein høgare treffprosent i Noreg, seier Øivind Kristiansen i Telia, og fortsett:

– Det kan vere at vi er litt for naive og godtruande.

Sjølv om dei aktivt prøver å sperre nummer, kan det framleis vere nokon som slepp gjennom.

– Det har med systemet som vi nyttar å gjere. Det er så mange telefonoppringingar som kjem inn til Noreg. Før vi rekker å setje sperringa, slepper ein del igjennom. Det er hastigheita som gjer det. Vi jobbar med å få det raskare, men dei skifter nummer raskare også.

Eit kappløp

Frank Stien i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har jobba med problemstillinga i mange år. Han omtaler det heile som eit kappløp.

Nettopp det at svindlarane forandrar telefonnummer ofte, gjer det vanskeleg å stoppe.

– Det er eit kappløp. Heile tida prøver ein å endre litt.

Seksjonssjef Frank Stien hos Nkom, leder for seksjonen Nkom EkomCERT- Computer Emergency Response Team

Frank Stien i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har jobba med problemstillinga i mange år.

Foto: NKOM

Det er heller ikkje så enkelt å berre sperre for alle telefonoppringingar heller. For då blir det full stopp for den reelle trafikken.

Så kan vi klare å stoppe dette?

– Det er mange ting som jobbar mot dette. Folk blir klokare, men på den andre sida blir angrepa meir snedige. Det er ein katt og mus lek – ein veit ikkje alltid kven som er kven. Det er sikkerheitsbransjen i eit nøtteskal.

Slepp å ta omsyn

Ei utfordring er at svindlarane slepp å ta omsyn til lover og reglar. Medan teleselskapa på motsett side må ta omsyn til mellom anna personvern.

– Dei treng ikkje tenkje på slike ting. Dei kan ta seg til rette. Svindlarane treng berre å komme gjennom ein gong, men vi må stoppe dei heile tida.

– Det kan verke som at nordmenn er meir naiv enn det ein er i nabolanda våre. Må vi bli meir kritiske?

– Det er mange fordeler med at vi har lojalitet til kvarandre og til myndigheitene og vil tru godt om folk. Det gir oss eit godt samfunn, men prisen er kanskje at vi vil gå på ein smell innimellom.

Har sett ein auke

Wangiri-trafikken går i bølgjer. Sidan slutten av desember har Telia sett ein auke. Samtidig er det vanskeleg å finne tal på kor mange som ringjer tilbake og blir svindla på den måten.

Øivind Kristiansen i Telia er klar på at det er viktig at ein er årvakne. Han har følgjande råd:

– Ikkje svar på eller ring tilbake til ukjende utanlandske telefonnummer. Det kostar ingenting å svare på dei, men kan bli dyrt å ringje dei tilbake. Vi oppmodar kundane til å blokkere slike telefonnummer etter kvart som dei kjem, det gjer ein enkelt i innstillingane for telefonen, seier Kristiansen.

Ville du gått på limepinnen?

Ville du gått på limepinnen?