AUF-leiar kritiserer moderpartiet

I dag opna Arbeidarpartiet sitt ungdomsparti AUF sin årlege sommarleir på Utøya. I opningstalen kritiserte leiar Mani Hussaini moderpartiet for deira avgjerd om å støtte oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja. Han meiner saka må takast opp att, og vedtaket endrast.

– På landsmøtet neste år må Ap endeleg stå på riktig side av historia, sa Hussaini.

Mani Hussaini
Foto: Kristoffer Klunk / AUF