Hopp til innhold

Alvorleg trafikkulukke i Sandnessjøen – sjåfør sendt til St. Olavs

Ein bil og ein motorsykkel har kollidert i Sandnessjøen. MC-sjåføren er no sendt vidare til St. Olavs Hospital for vidare behandling.

Ulukke i Sandnessjøen

ALVORLEG: Ulukka vert av politiet rekna som alvorleg. MC-sjåføren er frakta på sjukehuset, medan bilsjåføren såg uskadd ut etter legesjekk.

Foto: Johannes Ødegård / NRK

Laster Twitter-innhold

Klokka 18:20 i dag melde Politiet i Nordland om at ein bil hadde kollidert med ein MC i Sandnessjøen. I bilen sat det berre ein sjåfør. Ambulansen har no køyrd frå staden med motorsyklisten.

– Det er snakk om brot på vikeplikta, seier operasjonsleiar hjå Politiet i Nordland Fred Leirvik.

– Sjåføren av bilen er sjekka på sjukehuset, men såg ut til å vere uskadd, seier Leirvik.

Vegen stengd i Sandnessjøen

STENGD: Det er uvisst kor lenge vegen vert stengd. Politiet skal gjere oppmålingar og undersøkingar.

Foto: Johannes Ødegård / NRK

Ulukka skjedde på fylkesveg 17 rett sør om Sandnessjøen sentrum. Innsatsleiar Stian Dahl seier at Politiet gjer oppmålingar og undersøkjer ulukkesstaden.

– Vegen er sperra. Vi veit ikkje kor lenge det er att før den vert opna, seier Leirvik.

Laster Twitter-innhold
Kollisjon i Sandnessjøen