I nærare ei veke har fleire samar med ungdomsorganisasjon til Norske Samers Riksforbund (NSR) og Natur og ungdom i spissen aksjonert mot vindturbinane på Fosen i Trøndelag.
11. oktober 2021 konkluderte Høgsterett med at vindkraftutbygginga i to anlegg på Fosen i Trøndelag strir med rettane til urfolk. Det gjeld dei på Storheia og Roan.
Likevel snurrar framleis dei 115 vindturbinane på Noregs største vindkraftanlegg.
– Vindturbinane på Fosen skal rivast, og landet skal førast tilbake til Fosen-samane, krev aksjonistane som fredag morgon oppheva blokaden av departementa.
Men å rive turbinane er ei heilt uaktuell problemstilling, seier advokat i kontraktsrett og forvaltningsrett, Thomas Benson.
Fosen-demonstrantar i Oslo, torsdag 2. mars.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB– Kjem ikkje til å skje
– Det er ikkje eit ønske at vindturbinane skal rivast. Det er heller viktig å tenkje motsett og prøve å kome fram til ei løysing som sikrar rettane til urfolk, seier Benson.
Han seier det hadde kostar mykje pengar å rive ned turbinane. Då må det også søkast om ein ny konsesjon, for å eventuelt få dei ført opp ein annan stad.
– Det er veldig tidkrevjande, så det trur eg ikkje kjem til å skje.
Benson nemner også at det er eit stort inngrep som allereie er gjort i naturen og det var ein ekstrem kostnad knytt til å byggje dei.
– Det er viktig at desse vindturbinane står med tanke på energitilgangen til Noreg, seier han, og trur at dei omsyna vil vege tyngre.
– Men det er sterkt beklageleg at ein ikkje har teke vare på samane sine interesser og sett dette perspektivet i mykje større grad.
– Vil koste éin til 2 millionar å fjerne kvar vindturbin
Oslo Economics og Sweco har rekna på kor mykje det vil koste å rive rubinane på Storheia.
Det gjorde dei på oppdrag frå NVE i fjor.
Ikkje fordi staten hadde tapt i Høgsterett, men fordi NVE ønskte eit kunnskapsgrunnlag for å kunne stille krav og vurdere kostnader ved nedlegging av vindkraftverk, skriv Teknisk Ukeblad.
Ifølgje konsulentane vil riving og tilbakeføring koste cirka éin eller 2 millionar kroner per turbin, avhengig av grada av tilbakeføring av området.
I rapporten står det at landskapet på Storheia er typisk for vindkraftanlegga på Fosenhalvøya. Viss ein legg dei same prisanslaga til grunn for Roan vindkraftverk, vil det koste 71–142 millionar å fjerne dei 71 turbinane som står der, ifølgje TU.
Vil vurdere avbøtande tiltak
Fredag hadde statsminister Jonas Gahr Støre invitert reindriftsutøvarar frå Fosen til frukostmøte.
Etter møtet bad Støre om å bli trudd på at regjeringa har jobba med dommen sidan han kom – og at dei har jobba med å sørgje for at folkerettsforpliktingane blir følgt.
– Det er eit brot på menneskerettane og det kan vi ikkje leve med, sa statsministeren.
Reineigarar var fredag invitert til frukost hos statsminister Jonas Gahr Støre.
Foto: Inga Maret Solberg / NRKI dommen står det at konsesjon for dei to vindkrafta er ugyldig utan avbøtande tiltak.
– Det er det vi no må følge merksam med på, om vi kan finne dei. Eg har sagt at eg ikkje utelukkar nokon tiltak i den samanhengen, seier Støre.
Avbøtande tiltak er til for å minske, kompensere eller fjerne uønskte verknader av inngrep i naturen.
Pressekontakt i Statkraft Geir Fuglseth seier at eit avbøtande tiltak konkret kan vere å til dømes tilby alternative beiteområde.
Men nøyaktig kva det blir, skal prosessen som gjennomførast i regi av OED og i dialog med reindrifta, gi svar på.
– Vi jobbar med å finne løysingar.
Men å rive turbinane, seier Fuglseth ikkje er ei aktuell problemstilling for dei no.
– Den største generaltabben i denne saka.
Advokat Benson seier den største feilen i denne saka var å gi løyve til bygging av vindkraftanlegget før den endelege avgjerda i høgsterett var klar.
– Det er den største generaltabben i denne saka.
– Om vindkraftanlegget ikkje skal rivast, kva kan vere løysinga då?
– Det kan løysast på fleire ulike måtar.
Ein måte er å utbetale ein erstatningssum, som er hovudregel ved ekspropriasjon. Ein annan måte er å finne mindre inngripande ordningar.
– Det kan vere at ein delvis tek bort enkelte av desse vindturbinane, for å legge til rette for vinterbeite.
Han trur løysinga kan ha fleire aspekt og seier det er viktig å tenkje på framtida.
– Ein kan bli samde om at i desse sakene som angår menneskerettar og urfolks retter, så bør ikkje staten gi førehandsløyve, seier Benson.
Han legg til at det også bør kome vilkår på korleis slike saker bør handterast i framtida, slik at ein ikkje gjer desse feila igjen.