Det spirer og gror i mange bedd og pallekarmar no. Og med avlinga vi ønsker oss kjem det òg ugras.
Men ugraset treng ikkje berre vere dumt – det kan òg vere ein nyttevekst.
Her er noko av ugraset som du heilt fint kan ete.
Har du ete ugras før?
Skvallerkål
– «If you can't beat them, eat them». Det er mykje ugras ein kan ete, og det er jo gratis mat, seier Camilla Helgesen.
Ho er prosjektleiar i urbant landbruk i Bodø kommune.
Ein av dei vanlegaste plantane du kan finne om lag kvar som helst i landet er skvallerkål.
Ryllik
Ryllik er òg eit ugras mange finn i plenen – men det er ein god krydderplante.
Ryllik er ein god krydderplante.
Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK- Bruk ryllik i marinade til kjøt eller fisk.
- Eller du kan bruke han som fersk krydderurt på brødskiva
- Eller rett og slett putte han i varmrettar.
Men ryllik kan bli forveksla med giftige plantar. Difor er det viktig å vere heilt sikker på kva du et.
Løvetann
Løvetann er eit robust ugras som kan vekse opp om lag kvar som helst.
Sjølv om han er ei mare for mange som vil ha grasplenen grøn og rett, kan du ete om lag heile planta.
Av løvetann kan du lage salat, vin eller te.
Foto: Pål Tegnander / NRK- Blada kan du putte i ein salat. Det smakar litt som Rucola.
- Rota kan du lage te på eller du kan bruke ho som ei rotgrønsak i gryter eller i omn.
- Om du er av den vinglade typen: lag vin av blomane.
- Før det vert blomar av knoppane kan du putte dei i steikepanna med litt smør, eller du kan sylte dei.
Marikåpe
Jørgen Ravneberg, frå Alta i Finnmark, har jobba for Michelin-restauranten Régis Macron i Frankrike.
Han har skrive fleire bøker om kva du kan plukke i eigen hage eller i grøftekanten.
Til dømes Marikåpe.
Marikåpe ser meir ut som ein kopp enn ei kåpe og det ligg ofte dropar i planten.
Foto: Hilde Bjørnskau / NRK– Eg ville brukt han til salat, grøne puré eller fritert tempura, altså japansk frityr, seier kokken.
Geitrams
Eller kva med den nydelege, høgreiste geitramsen? Han kan du òg ete.
Geitrams veks i om lag heile Noreg og lyser opp grøftekantar og enger med lilla blomar.
Foto: Vigdis Veie Rosvoll- Unge skot kan du bruke slik du bruker asparges, både til grilling og steiking.
- Og du kan også sylte dei unge skota.
- Blomane kan du plukke og bruke til saft eller anna drikke eller du kan bruke dei i dessertar.
Brennesle
Kva er vel meir irriterande enn å bli brunnen av brennesle, medan du er ute og går med berre føter?
Men svien kan bli søt om du i staden plukkar ugraset og kokar suppe på det.
Bruk hanskar når du plukkar og jobbar med nesleblada, og skyl blada i kaldt vatn før bruk.
Foto: Tone Rieber-Mohn / NRK– Brenneslesuppe er så godt. Men du må plukke dei når dei er små. Då er dei mildast på smak, seier Helgesen frå Bodø.
Burot og peparrot
Eit ugras som mange òg er allergisk mot er burot.
Men om du er ein som er glad i litt sterkare mat, er burot ei god krydderurt.
Burot er som ein meir parfymert peparrot.
Foto: Nina Kristiin Vraa / NRK– Burot er ganske stram på smak. Steik han ganske hardt i smør og bruk til dømes chilimarinade på toppen, seier nyttevekstkoordinator Ingrid Indergaard i Norges sopp- og nyttevekstforbund.
Mykje Wasabi som ein kan kjøpe på butikken er laga av peparrot. Men rota kan du òg plukke i grøftekanten.
Foto: NRKDet same gjeld peparrot som du kan plukke i vegkanten og fungerer godt som erstatning for Wasabi.
– Om du byter ut Wasabi med peparrot, kan du spare mykje pengar på å plukke han sjølv, seier Indergaard.
Seiersløk
Ramslauk er no raudlista på Austlandet. Men ramslauken har ei søster som du kan ete så mykje du vil av: Seiersløken.
Seiersløk kan du bruke rått i salat eller andre stader der du ville brukt purrelauk.
Strandarve
Og du kan også plukke middagen din i fjæra. Ein av den tidlegare Michelin-kokken sine favorittar, strandarve, finn du der.
Strandarve veks på strender i om lag heile Noreg og er ein av favorittane til den tidlegare Mmichelin-kokken Jørgen Ravneberg.
Foto: Jørgen Ravneberg- Strandarve smakar salt agurk og du finn han på stranda.
- Du bør plukke den i sesong for elles kan den vere litt trevlete.
- Strandarve er fin som tilbehøyr til aure, eller i staden for agurk i Tsatsiki.
NRK har oppskrift på korleis du kan bruke strandarve i agurk-ricotta:
Det finst og mykje tang og tare du kan hauste i fjæra.
Kva skal vi ikkje ete?
Men sjølv om det er mykje du kan ete, skal du ikkje hive deg over alt du finn i grøftekanten.
Difor foreslår Indergaard å begynne i andre enden – Lær deg plantane du ikkje skal ete.
Her er dei tre farlegaste:
Selsnepe vert rekna som Noregs giftigaste plante. Heile planten er svært giftig, men det er spesielt mykje giftstoff i rot og nedre del av stilk. Sjølv ein liten smak kan føre til ein alvorleg forgifting.
Giftkjeks er ein svært giftig plante. Heile planten er giftig og reaksjonen kjem ofte kort tid etter inntak. Dei raude flekkane på stilken er eit godt kjenneteikn for å sjå at det er ein giftkjeks.
Hundepersille inneheld same giftstoff som giftkjeks, men truleg i mindre mengd. Svie i munnen, oppkast, tørste og krampar er nokre av symtoma for forgifting.
– Dei plantane som krev behandling når du et dei, er kanskje dei viktigaste å kjenne til, seier Indergaard.
Her kan du sjå kva andre artar du skal vere forsiktig med.
Om du er usikker på kva plante du har funne kan sjekke i giftinformasjonen til Helse Noreg.
Han har trua på at ritualet med å finne sin eigen mat kan vere pleiande for mange. I tillegg trur han det er eit viktig steg mot eit meir berekraftig samfunn.
– Mange veit ikkje heilt kva dei skal gjere i virvaret av informasjon om korleis ein skal hjelpe miljøet. Eg meiner det er ein god start å bli kjent med plantane i nærleiken.
– Jo fleire som sankar, jo nærmare kjem vi eit meir medvit og berekraftig samfunn.