Hopp til innhold

– Vi kan ikkje leve av taretorsk

Fellesforbundet demonstrerte i dag utanfor Arbeidarpartiet sitt landsmøte. Dei håpar på eit olje-ja, trass i hard motstand.

Hans Gunnar Jensen

KAMPANJEMATERIELL: Hans Gunnar Jensen frå Mo delte ut pennar med påskrift med krav om konsekvensutgreiing.

Foto: Lars Egil Mogård / NRK

– Vi som nasjon kan ikkje berre leve av taretorsk. Vi treng også oljeverksemd og industriarbeidsplassar, seier Hans Gunnar Jensen.

Han er frå Mo i Rana, og er utsending frå Fellesforbundet på Helgeland til demonstrasjonen utanfor Folkets Hus i Oslo, der Arbeidarpartiet har landsmøte.

– Eg er spent på kva landsmøtet vedtek, seier Jensen – som delar ut pennar til passerande med påskrift om at det trengst konsekvensutgreiing for Lofoten, Vesterålen og Senja.

Fellesforbundet demonstrerar utanfor Arbeidarpartiet sitt landsmøte 2017

FLEIRE FAGFOREININGAR: Representantar frå fleire fagforeiningar i landet møtte fram for å vise si meining til Arbeidarpartiet.

Foto: Lars Egil Mogård / NRK

Mange møtte fram

Representantar frå mange fagforeiningar møtte fram i Oslo. Alle kjempar for eit olje-ja på landsmøtet. Likevel innser dei fleste nok at fleirtalet truleg berre vil gå inn for ei konsekvensutgreiing av Nordland 6 – området sør for Røst.

Også LO-leiar Gerd Kristiansen hadde same føreseiing.

Gerd Kristiansen

LEIAREN PÅ PLASS: Leiaren av Landsorganisasjonen møtte også fram for å vise si støtte til demonstrantane.

Foto: Harald Krogtoft / NRK

– Eg måtte sjølvsagt møte opp og støtte våre medlemmar, seier ho.

Sjølv om LO og store delar av fagrørsla som organiserer industrien ynskjer ei konsekvensutgreiing for heile området, innser mellom anna nestleiar Frode Alfheim i LO-forbundet IndustriEnergi at det vert eit kompromiss.

– Då er det viktig at arbeidet med ei utgreiing kjem i gong etter valet til hausten, seier Alfheim, som kjem frå Dønna.

Få motstemmer

Ein einsleg motdemonstrant var å sjå på Youngstorget. Det var dagleg leiar Truls Gulowsen i Greenpeace.

– Er er ikkje her for å øydeleggje for dei som er her, men tykkjer det er viktig å vise vårt syn, seier Gulowsen.

Laurdag har oljemotstandarane annonsert ein stor konsert på Youngstorget. For laurdag vil Arbeidarpartiet avgjere oljesaka.

Men det vert ein hard kamp om stemmene. AUF mobiliserer mot ei konsekvensutgreiing. Dei får mellom anna støtte frå Bjørn Inge Mo, tidlegare leiar i Troms Arbeidarparti. Han seier at fylkeslaget i Troms har stemt nei til ei utgreiing. Det har også det samepolitiske utvalet i Arbeidarpartiet.