Hopp til innhold

-Kan ikkje seie nei til arbeidsplassar

LO-sekretær i Nordland slår tilbake på kritikk, og seier det vil vere galt om tillitsvalte i offentleg sektor skal stemme ned oljearbeidsplassar.

Distriktssekretær i LO Nordland Øyvind Silåmo

Distriktssekretær i LO Øyvind Silåmo meinar det vert feil for offentleg sektor å seie nei til arbeidsplassar i privat sektor.

Foto: Eva Cathrine Berget / NRK

Oljeleiting utanfor Lofoten og Vesterålen vert tema når LO sin kongress startar i dag.

LO-sekretær i Nordland, Øyvind Silåmo, slår kraftig tilbake på kritikken frå fagorganiserte, om at han er ein kraftsosialist som ikkje har ryggdekning for sitt ja til oljeleting.

Men Silåmo sier det vil vere galt om tillitsvalte i offentleg sektor skal stemme ned arbeidsplassar i privat sektor.

- Dersom LO stemmer ned moglegheita for nye arbeidsplassar, då trur eg LO har eit organisatorisk problem. Eg veit jo at dei forbunda som organiserer tilsette innanfor denne sektoren vil sloss for det, seier Silåmo.

Kan føre til konflikt i LO

LO-delegat Linda Tollefsen er oppgitt overfor den debatten Silåmo har i det offentlege rom. Silåmo ser at meiningane han har kan føre til konflikt i LO.

- Eg trur det kan verte vanskeleg, dersom offentleg sektor skal gå ut å stemme ned arbeidsplassar i privat sektor. Det kan verte vanskeleg å byggje bru over dette i LO. Me er inne i ein perode der me snakkar om pensjonar i offentleg sektor. Eg er klar over at privat sektor aldri kjem til å få så gode pensjonar som offentleg sektor, men me får likevel støtte frå privat sektor, seier Silåmo.

Silåmo sjølv seier han jobbar utifrå dei vedtak LO tidlegare har fatta, men Tollefsen meinar han ikkje har støtte i LO for sine meiningar.

- Eg har ikkje vanskar med at privatpersonen Øivind Silåmo står fram med sine meiningar om det eine og det andre, men eg har problem med at synet til Silåmo vert gitt til LO Nordland, seier LO-delegat Linda Tollefsen.