Hopp til innhold

- Svært urovekkjande med Outlaws

Ordføraren i Saltdal er glad for at politiet arbeidar aktivt for å hindre klubben frå å etablere seg i Indre Salten.

Outlaws

Den kriminelt belasta mc-klubben Outlaws har etablert seg i Salten.

Foto: NRK

Ordførar i Saltdal, Kjell Magne Johansen, er tydeleg på at dei i Saltdal overhovudet ikkje ynskjer ei slik etablering.

Ordfører Kjell Magne Johansen

BEKYMRA: Saltdal-ordførar Kjell Magne Johansen.

Foto: NRK

- Me ynskjer ikkje dette i det heile, seier Johansen.

- Me har ordinære mc-klubbar som fremjar interessa for motorsyklar på ein framifrå måte, og alle som har slike interesser bør finne seg ein plassi den kategorien av klubbar.

Kriminell verksemd

Les også: Outlaws etablert i Salten

Ordføraren i Saltdal er klar på at ein klubb med ei kriminell verksemd som er skildra i media er urovekkjande.

- Dei lokalsamfunna som får etableringar av slike organisasjonar innanfor sine grenser har berre dårlege erfaringar, seier Kjell Magne Johansen.

Han seier at dei kjem til å samarbeide med politiet for å hindre ei etablering.

Samarbeid med politiet

- Me veit at det kan vere opptil fire personar som er interessert i Outlaws i kommunen, så me vil i alle fall ikkje leige ut ledige lokaler til denne klubben. Eg håpar også at andre i kommunen som har ledige lokaler ikkje leiger desse ut til Outlaws, seier Johansen.

Han seier dei har eit utmerka samarbeid med politiet gjennom lennsmannskontoret i kommunen.