Hopp til innhold

- Slutt å sutre!

Sv meinar ordførarane på Helgeland må ta tak i eigen situasjon og slutte å klage.

Inga Marte Thorkildsen

Miljøpolitisk Talskvinne i Sv Inga Marte Torkildsen meinar orførarane på Helgeland må slutte å klage.

Foto: Per Foss / NRK

I dag kjem vedtaket om vern av Vefsna

LES OGSÅ: Får 150 millioner fra Jens

Mange Helgelandsordførarar er oppgitt fordi dei går glipp av store inntektsmoglegheitar.

Miljøpolitisk Talskvinne i SV, Inga Marte Torkildsen, meinar dei no må sjå på alternativ næringsutvikling i regionen.

- Eg tykkjer at mellom andre ordføraren i Grane skal slutte å sutre. Han bør heller tenke at vernet har komme for å bli. Det visste Bjørn Ivar Lamo frå Soria-Moria erklæringa kom. Eg har prøvd å komme i dialog tidlegare, men han er umogleg å komme i dialog med, seier Torkildsen.

Svart dag

- Dette er ein svart dag for norsk miljøpolitikk. Dette har ingenting med miljø å gjere, dette er reint vern. Det er ein skam at me har eit parti som Sv som vil leggje ned heile Nord-Noreg, seier ordførar i Grane Bjørn Ivar Lamo.

Miljøpolitisk talskvinne i SV, Inga Marte Torkildsen seier at det var dei som fekk den største sigeren i Soria-Moria erklæringa.

- Me har gått inn for verning av Vefsna i fellesskap, men det var ein stor miljøpolitisk siger for oss. Men andre har også jobba hardt for dette i mange år. Naturvernforbundet, Folkeaksjonen Vern Vefsna, Turistforeininga og Jeger -og Fiske foreininga har jobba i mange år for eit vern, seier Torkildsen.

- Jens Stoltenberg sa i 2001 at tida for dei store vasskraft-utbyggjingane var forbi. Det er fordi me har bygd ned store delar av den uberørte naturen og dei store vassdraga. Me har også ein villaks-stamme som er trua, og som me har eit stort ansvar for å ta vare på. Men me ser jo også at det er eit stort potensiale for å utvikle næringsverkesemd knytta til naturen som me har i landet vårt, seier Torkildsen.

Store tap for Helgeland

Ordførar i Grane, Bjørn Ivar lamo seier at dei tapar store inntekter og mange arbeidsplassar.

- Me tapar over 20 millionar kroner i årlege inntekter, arbeidsplassar og ikkje minst fornybar energi, seier Lamo.

Torkildsen seier at ordførarane på helgeland er vanskelege å kommunisere med.

- Eg har prøvd å kome i dialog om næringsfondet, men det har vore umogleg. Eg veit at det same gjeld Odd Eriksen. Han ville hjelpe dei med nræringsfondet. Nokre gonger må ein berre innsjå at eit vedrtak kjem og la vere å bruke alle kreftene sine på omkampar. Me strekker no ut ei hand med eit historisk stort næringsfond, fordi me trur det går an å ha både villaks og næringsutvikling i Vefsna, seier Torkildsen.

Men Bjørn Ivar Lamo seier han er nøgd med arbeidet til Arbeiderpartiet og Senterpartiet når det gjeld fondet på 150 millionar kroner.

- Me er nøgd med dei, for me er kjent med kva Sv ville tilby. Men det som er hovudsaken er at me kunne ha fått både og. Me kunne fått laks, pengar, kraft utan at det hadde gått utover naturressursane, seier Lamo.

Fisketurisme

Torkildsen meinar fleire av ordførarane på Helgeland burde ha tenkt på alternative moglegheitar til næringsutvikling tidlegare.

- Men eg registerer at ein i Mosjøen Næringsforum reknar med at ein kan få million-inntekter til distriktet gjennom fiasketurisme, seier Torkildsen.

Lamo på si side tykkjer dette vert for generelt.

- Det er vanskeleg å gjere store investeringar i ein sesong som varar tre-fire månadar i året, seier Lamo.