Hopp til innhold

- Ga etter for Senterpartiet

Fylkesrådet snur, og halverer talet på klassar som skal leggjast ned.

Fylkesrådet i Nordland

Høgre meinar fylkesrådet ga etter for Senterpartiet.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

Høgre meinar rådet har gitt etter for Senterpartiet, som ikkje lenger vil stille seg bak budjsettet til fylkesrådet.

Men fylkesråd for utdanning, Trud Berg, er berre glad.

- Det betyr at Vest-Lofoten Vidaregåande skule og Vefsn Vidaregåande skule framleis får ha idrettsfag. I tillegg gjer me endringar i innstillinga når det gjeld formgjeving, slik at både Mo i Rana og Bodø kan juble, seier Berg.

Idrettsfag og formgjeving

Fylkesrådet foreslo å leggje ned ei rekkje tilbod, men har no gått tilbake på nesten halvparten av dei. Det betyr at dei vidaregåande skulane i Vest- Lofoten og Vefsn likevel får ha dei idrettslinjene sine

Leiar i Nordland Høgre, Oddleif Olavsen, meinar dette viser at fylkesrådet har måtta gå ned i kneståande for Senterpartiet.

- Med den måten dei har gått fram på, så er det heilt tydeleg at Arbeidarpartiet har måtta komme dei i møte, seier han.

Underleg parlamentarisme

Olavsen meinar fylkesrådet driv ein underleg form for parlamentarisme, ved at dei ikkje gjekk av då fylkestingsgruppa til Senterpartiet la fram sitt eige budsjettforslag.

- Dersom fylkesregjeringa får eit fleirtal i mot seg, så bør konsekvensen vere at ein tek av seg hatten og går. Istadanfor svel dei alle kamelane dei får, seier Olavsen.

Fylkesråd for utdanning, Trud Berg, avviser at det er presset frå Senterpartiet som har fått rådet til å snu.

- Her er det engasjementet i lokalbefolkninga som har fått oss til å snu. Den saka som vart lagt fram har ikkje vore eit tema i budsjettdiskusjonane, seier Berg.