– Farleg å vere aktivist i Kina no

Kinesiske styresmakter har arrestert minst 20 aktivistar i samband med Nobel-seremonien i Oslo i dag, opplyser FN.

Video Sperrer dissidenter inne

Kina sperrar inne dissidentar i samband med Nobel-seremonien.

Kinesiske militære patruljerer

Militære i Kina patruljerer framfor bustaden der kona til Liu Xiaobo bur i Beijing.

Foto: PETER PARKS / Afp
Folk signerer støtteerkæring til Liu Xiaobo

Samtidig signerer folk i Kina støtteerklæringar til fredsprisvinnaren.

Foto: MIKE CLARKE / Afp

Thorbjørn Jagland

Reaksjonen frå Kina viser at tildelinga var rett, meiner Nobelkomite-leiar Thorbjørn Jagland.

Foto: JOHN MCCONNICO / Ap

Det er no farleg å vere opposisjonell i Kina, fortel Asia-korrespondent Anders Magnus.

– Det er veldig vanskelege tider for opposisonelle no. Det er mange som er arresterte eller sette i husarrest eller som har fått ordre om å reise ut frå hovudstaden om dei bur her, seier han.

FN melder at minst 20 aktivistar er arresterte dei siste vekene, og fleire enn 120 menneske er sette i husarrest eller blitt tvinga til å reise.

Styrkt sikkerheit

Samtidig er sikkerheitsopplegget styrkt i Kina i dag. Eit stort tal politifolk patruljerer utanfor huset der fredsprisvinnaren si kone, Liu Xia, bur.

Også ved Den himmelske freds plass og den norske ambassaden er det styrkt sikkerheit i dag, skriv nyheitsbyrået Reuters.

– Viser at tildelinga var rett

Ifølgje Magnus har det kome meldingar om slike hendingar nesten kvar einaste dag fram til og med i dag.

Nobelkomiteleiar Thorbjørn Jagland meiner dette viser at pristildelinga var riktig.

– Vi har rørt ved sjølve kjernen i statsstyret i Kina. Og det som har falle dei tyngst for brystet, er at vi har minna dei på at dei har spesielle plikter under den universielle menneskerettserklæringa, seier han.

Magnus seier det er vanskeleg å seie om folk i Kina vil demonstrere for fredsprisvinnar Liu Xiaobo i dag.

– Slike demonstarsjonar er aldri annonserte på førehand. Dei vil alltid vere spontane. Om det skjer, er det ikkje sikkert eg får vite om det før det har gått ei stund, seier han.

Avisene fulle av Nobel-kritikk

Magnus fortel også at kinesiske aviser er fulle av stoff om Nobel-seremonien, men at dei fleste er krasse mot Noreg og utdelinga.

– Dei meiner Vesten pressar visse land til å delta. Det er også mange artiklar om at dei fleste land og organisasjonar i verda ikkje støttar Nobelkomiteen, og at dei ikkje kjem til å vere til stades under seremonien i dag, seier Magnus.

Kinesiske aviser er derimot positive til spesielt to personar, Fredrik Heffermehl og Hege Ulstein.

Heffermehl har kritisert prisen og har sendt ut pressemelding om det i Noreg.

– Han blir gjengitt i veldig mange aviser, seier Magnus.

Ulstein er kommentator i Dagsavisen, og har skrive ein artikkel om konsekvensane av fredspristildelinga som blir gjengitt i fleire kinesiske aviser i dag.

Magnus fortel at det går fram av denne artikkelen at Ulstein meiner årets tildeling er ei fornerming mot fredsprisen. Ulstein sjølv peikar på at den kinesiske versjonen er dårleg oversatt (norsk versjon her).

Sanksjonar frå Kina

Heilt sidan det vart klart at demokratiførekjemparen Liu Xiaobo er tildelt årets fredspris, har Kina boikotta, truga og protestert mot tildelinga.

Dei fordømde tildelinga straks, og det har knapt gått ein dag utan sanksjonar frå Kina.

Xiaobo sjølv sit fengsla i 11 år for å ha kritisert det kinesiske eittpartisystemet og for å ha vore med å lage manifestet Charter 08. Der blir han sitjande i alle fall ei stund til, ifølgje kinesiske styresmakter.

Kona Liu Xia vart sett i husarrest etter at mannen fekk fredsprisen.