Hopp til innhold

Liu Xia: – Eg er i husarrest

Liu Xia har skrive ein e-post til Dagbladet der ho skriv at ho er sett i husarrest.

Liu Xia, kona til fredsprisvinner Liu Xiaobo

Liu Xia, kona til fredsprisvinner Liu Xiaobo.

Foto: Andy Wong / Ap

Liu Xia og Liu Xiaobo

Liu Xia har møtt ektemannen og fortalt han at han vann fredsprisen. (arkivfoto)

Foto: Reuters

– Gi beskjeden frå meg så raskt som mogleg, eg er sett i husarrest. Dei har øydelagt telefonen min. Telefonen fungerer ikkje lenger, skriv ho, ifølgje Dagbladet.

Ho skal vere tilbake i Beijing og i husarrest i sin eigen bustad.

– Eg har fått forbod mot å treffe media og venner, skriv ho vidare.

Ingen har sett Liu Xia sidan ho vart teken med ut av Beijing med politieskorte fredag.

– Har gitt beskjed om prisen

Tidlegare i dag kom eit livsteikn frå henne via Hongkong-avisa Mingbao, som stadfesta at ho hadde møtt ektemannen på ein ukjent stad, og at ho ville returnere til Beijing i ettermiddag.

Liu Xia har også sendt ei melding på Twitter der ho skriv at ho har fått gitt mannen beskjed om at han har vunne fredsprisen.

– Brødre, eg er tilbake. Eg har fått forbod mot å bevege meg fritt etter 8. oktober. Eg veit ikkje når eg kan treffe dykk. Dei har øydelagt telefonen min, eg kan ikkje ta imot telefonar. Eg har sett Xiaobo og har fortalt han nyheita den 9. oktober i fengselet.

Stille frå fengselet

Liu Xiaobo vart tildelt fredsprisen fredag. Han sonar elleve år i fengsel for å ha kritsert det kinesiske eittpartisystemet og for å ha vore med å lage eit manifest for demokratisk utvikling i Kina, som er kalt Charter 08.

Vegane til Junzhou-fengselet i provinsen Liaoning er no stengd og det er berre statlege tenestemenn og innbyggarar som får lov å sleppe inn i området der fengselet er.

Ifølgje NTB vil ikkje vaktene opplyse kvifor vegane er stengde, og i fengselet svarer ingen på telefonen.

Kinesiske styresmakter har sagt at dei reknar tildelinga for å vere i strid med dei opphavlege intensjonane frå Alfred Nobel, og har streka under at Liu er sett på som ein forbrytar i Kina.