Hopp til innhold

Dette er Kina sine pressmiddel

Kina har gått hardt til verks for å dempa merksemda kring tildelinga av Nobels fredspris til kinesaren Liu Xiaobo.

Kinesiske Nobel-aktivistar i Hong Kong

Kinesiske lovgjevarar heldt i går ein appell for fredsprisvinnar Liu Xiaobo utanfor den lovgjevande forsamlinga i Hong Kong. I morgon er dei i Oslo for å følgja Nobel-seremonien.

Foto: Kin Cheung / Ap

Boikott, trugsmål, fengsling og sensur. Reaksjonane frå Kina har vore mange og kraftige, etter at Nobel-komiteen den 8.oktober kunngjorde vinnaren av Nobels fredspris 2010.

Den umiddelbare reaksjonen frå Kina var å fordømma tildelinga. Deretter har det knapt gått ein dag utan sanksjonar frå den kommunistiske kjempen i aust, som iherdig prøver å dempa skadeverknaden av Nobel-tildelinga til demokratiforkjemparen Liu Xiaobo (54).

Torn i auga

Årets fredsprisvinnar, Liu Xiaobo, har vore ein torn i auga på dei kommunistiske makthavarane i Kina sidan han deltok i demokratiopprøret på Den himmelske freds plass i 1989.

No sit Xiaobo fengsla, men sjølv bak lås og slå skapar dissidenten hovudbry for kinesiske styresmakter.

I den første pressemeldinga frå den kinesiske ambassaden i Noreg, vart Liu Xiaobo omtalt som ein kriminell. «Tildeliinga av årets fredspris er i strid med prinsippa bak Nobelprisen», stod det også å lesa i meldinga.

Deretter har Kina gradvis stramma grepet.

Fengsling og husarrest

Ifølgje Amnesty International har over 200 personar så langt vorte fengsla, sett i husarrest eller stoppa frå å dra til utlandet i forkant av seremonien fredag.

Regimet set også alle klutar til for å hindra at vener og familie av Liu deltek, skriv Reuters. Kona Liu Xia sit i husarrest og er fullstendig isolert frå omverda. Den yngre broren til prisvinnaren vert nekta utreise frå Kina.

Då det i november blei klart at ingen frå den næraste familien kunne vera tilstades for å ta imot prisen på vegne av Liu, avlyste Nobel-komiteen utdelinga som etter planen skulle gjennomførast fredag 10.desember

Press på andre land

Liu Xiaobo

Liu Xiaobo er vinnaren av Nobels fredspris 2010.

Foto: NRK

Den kinesiske ambassaden i Oslo avviser momentant alle førespurnader som omhandlar fredsprisen. Ambassaden skal også ha forsøkt å pressa andre europeiske land til å halda seg unna utdelinga av Nobels fredspris.

Viseutanriksminister Cui Tiankai uttalte på ein pressekonferanse at landa som støttar pristildelinga til Liu Xiaobo sjølve må ta ansvaret for konskevensane dette må få.

Totalt har 19 land takka nei til å delta på den norske fredsprisseremonien, deriblant Russland, Cuba og Irak.

Mediesensur og dataangrep

Kina brukar dagens IT-teknologi for det den er verd. Aldri før har Nobelinstituttet blitt utsett for så mange dataangrep som etter at årets fredsprisvinnar blei offentleggjort.

Medlemmer av Nobelkomiteen har fått tilsendt virus på falsk e-post frå komiteleiar Thorbjørn Kagland, og i slutten av oktober vart Nobel-nettsidene hacka frå ei IP-adresse i Taiwan.

Torsdag er NRK, CNN og BBC sine nettsider sperra i Kina. Det betyr at styresmaktene har innført full Nobel-sensur, og dei fleste kinesarar vil dermed ikkje få høve til å sjå eller lesa om morgondagens seremoni.

Noreg får kald skulder

Lanseringa av ein eigen fredspris som motstykke til Nobel eitt av dei seinaste forsøka på å venda merksemda vekk frå morgondagens seremoni.

Kinesiske styresmakter har også åtvara om at det heretter vil vera vanskeleg å oppretthalda det venskapelege forholdet Kina har hatt til Noreg.

Under det pågåande klimamøtet i Cancun nektar den kinesiske delegasjonen å forhandla med statsminister Jens Stoltenberg og miljøvernminister Erik Solheim.

Dei har tidlegare avlyst eit møte med fiskeriminister Lisbeth Berg Hansen og avvist ein norsk oljedelegasjon.

– Irrasjonelt og barnsleg av Kina

– Dei desperate forsøka på å kvela merksemda kring Nobel-prisen har berre gjort vondt verre for kinesiske styresmakter, seier den kinesiske dissidenten Chung Cho Hong, som er busett i Noreg.

Regimekritikaren og forfattaren Chung har sjølv har skrive under på det kinesiske manifestet Charter08, demokratioppropet som Liu Xiaobo no sit fengsla for å ha teke initiativet til.

– Kina har hatt kjempetrøbbel med å hysja ned Nobel-tildelinga. Demokratirørsla i landet er større enn nokongong, og på grunn av prisen har heile det internasjonale samfunnet blikket retta mot dei, seier Chung.

Han meiner Kina sine sanksjonar berre har fått fleire kinesarar interesserte i og nyfikne på Nobelprisen.

– Framferda til styresmaktene er både irrasjonell og barnsleg. Dei kastar berre bensin på bålet med å gå så hardt til verks som dei har gjort den siste tida, meiner Chung.