Gjedde i Løkavatnet
Foto: Anders Ekanger / NRK

Kampen mot gjeddemafiaen

Etter ein fest går det rykter om ulovleg utsett gjedde i eit vatn. Det får fire fiskeentusiastar til å kaste seg inn i ein krig dei er dømd til å tape. Eller er dei det?

Andungar, frosk og salamander er ille ute. Det same er aure. Til og med duppande menneskeføter langs bryggekanten kan bli angripne. Likevel er det nokon som med mafialiknande metodar smuglar, flyttar og spreier rovfisken til vatn den ikkje høyrer heime.

Dei siste tiåra har gjedde dukka opp i stadig nye vatn spesielt rundt storbyane i Noreg. I 2016 blei det meld inn seks nye tilfelle. Men ekspertar trur dette talet er alt for lite.

Fisken, som blir kalla Nordens krokodille, sluker i verste fall all anna fisk i vatn den blir sett ut i. Den blir einerådande, kan bere med seg parasittar, og kan spreie seg via bekkar til fleire vatn.

– Dette er berre trist. Vi var i ein spesiell situasjon i Norge der vi i store delar av landet berre hadde fire ulike typar fisk frå gamalt av (laks, aure, stingsild og røye). No er dette unike Norge i ferd med å forsvinne, seier Jarle Steinkjer i Miljødirektoratet.

Etter massiv ulovleg utsetting kryr det no av vatn som inneheld både gjedde, abbor, suter, karpefisker, sørv, mort og andre framande arter.

Gjedde er den arten som blir spreidd mest, og gjer størst skade på miljøet. Strafferamma er tre års fengsel om ein blir tatt og dømt for å gjera slikt.

«For å hindre skade på natur er det forbud mot å innføre, sette ut, bruke levende agn, og å bringe med seg levende fisk i og langs vassdrag uten tillatelse (jf. naturmangfoldloven § 20, lakselovens § 8-10, 37 og dyrevelferdsloven § 14).

Norges Lover

Men ingen er tatt, ingen er dømd.

Kvifor er det slik?

Svaret får du i denne historia om gjeddene som dukka opp i eit lite vatn i Haugesund.

Eit rykte frå ein fest

HAUGESUND 2014: Ein tekstmelding tikkar inn på mobilen til Dan Andre Aarsvold. Aarsvold er formann i Haugesund og Omegn Jeger og Fiskeforening.

Han les kjapt, og tenkjer like kjapt:

– F.... idiotar!

Han trykkjer på mobilen og har avsendaren på tråden raskt. I andre enden er ein av grunneigarane rundt Løkavatnet, eit tjern aust for byen.

Grunneigaren har fått nyss i at det kan ha blitt sett ut gjedde i vatnet. Han har høyrt det av ein som har høyrt det av ein som har høyrt det på fest. Eit rykte i tre ledd.

Kan det i så fall halde vatn?

Ryktet fortel ti gjedder. Ei svær ho-gjedde, og ni mindre hannar.

Løkavatnet

Formann Aarsvold veit ikkje kva han skal tru, men syns dei anonyme opplysningane er så konkrete at han må sjekka om det kan stemme.

På foreininga si Facebook-side skriv han:

"Vi får håpe at dette berre er et laust rykte, og at ingen ønsker å øydeleggje et så flott vassdrag med ulovleg utsetting av gjedde, men dessverre har vi fått såpass sterke indisier på at dette ikkje er rykte."

Det går ikkje mange timane før dei fire eldsjelene står ved den grøne grasbreidden i nordenden av Løkavatnet.

Sabotasjen

Dan Andre Aarsvold er sjølvskriven, i tillegg stiller styremedlem i jeger og fiskeforeininga, Tone Furseth Dale, mannen hennar Jan Atle, og Bjørn Håland, næraste nabo til vatnet. Han stiller også med kano.

Kan det verkeleg vera sant at nokon med viten og vilje har sett ut gjedde her i tjernet?

Bjørn Håland, Dan Andre Aarsvold, Tone Furseth Dale og Jan Atle Dale

Desse fire fiskeentusiastane heiv seg rundt og sette i gang ei intens jakt på gjedde i Løkavatnet i Haugesund for tre år sidan. Frå venstre: Bjørn Håland, Dan Andre Aarsvold, Tone Furseth Dale og Jan Atle Dale.

Foto: Anders Ekanger / NRK

I tida framover skal det vise seg at desse fire skal få langt meir å gjere enn nokon av dei kan førestilla seg.

Kunnskapen kokar om fisk og artar når dei er samla, men gjedde veit dei lite om. I eit første forsøk på å undersøkje om det er innhald i ryktet, padlar dei ut og set tre rekkjer med tre garn på tvers av det berre førti meter smale vatnet.

Håpet er at desse til saman ni garna skal gje svar i løpet av natta. Gjedde eller ikkje gjedde.

Dan Andre Aarsvold og Bjørn Håland

Dan Andre Aarsvold og Bjørn Håland i jakta på gjedde i 2014.

Foto: Ellen Marie Hagevik

Morgonen etter er det Bjørn Håland som ser det frå stovevindauget. Rekkja med garn er vekk. Håland kler seg og går ned til vatnet. Garna er dratt opp på land og ligg slengt langs breidda. Nokre titals meter unna soverommet hans har nokon vore og øydelagt prøvefisket i løpet av natta.

– Sabotasje, seier Dan Andre Aarsvold.

Gjeddekjeften

Dei står og ryddar i haugane av garn når dei oppdagar at det heng noko fast i garnmaskene i eitt av dei. Det kan minna om to rekkjer med fisketenner. Kjevar.

Aarsvold tek bilde og sender til Trygve Hesthagen i Norsk institutt for naturforskning (NINA). Seniorforskaren stadfester med det same at det er kjevane til ei gjedde dei har funne.

Gjeddekjeve

Dette er gjeddekjeven som hang att i garnet etter første natta med prøvefiske etter gjedde i Løkavatnet. Då var garnet slengt på land av ukjente gjerningspersonar.

Foto: Haugesund og Omegn Jeger- og Fiskerforening

Då går alarmen.

Ikkje nok med at prøvefisket er sabotert, gjerningspersonane har også forsøkt å skjule at det er fanga gjedde i garnet ved å rive fisken ut av maskene med så stor kraft at gapet til storkjeften heng att.

Kva er dette for mafiafakter?

Gjeddekjeven er prov på gjedde, prov på miljøkriminalitet, og Aarsvold tek telefonrunden: politi, kommune, fylkesmannen.

Sjokkfangsten

Garna blir sett ut igjen, og eit utall aure blir fanga. Men inga gjedde. Ikkje før gjeddejegerane lærer seg at det er ruse ein må bruke for å fange denne arten. Gjedda sym nemleg så sakte og dårleg at den sjeldan går i garn, og den er glup nok til å snu når nasetippen treff garnmaskene.

8. juni 2014 legg Tone Furseth Dale og mannen Jan Atle frå land med robåten nok ein gong. Frå nordsida denne gongen også, det er der dei har kano og båt liggjande. Jan Atle tek årene, Tone set seg bak i båten klar til å gripa tak i rusetauet. Dan Andre og Bjørn ventar på land og småpratar om dei siste dagars hendingar.

Tone får tak i rusetauet og dreg. Den sit godt fast denne. Så langt inne på grunna kan rusene bli fylt med så mangt, gyngande i vegetasjonen.

– Eg tenkte rusa var full av siv, og stakk handa ned for å reinske opp. Då kom gjeddekjeften mot meg!

Beistet i Løkavatnet

7,7 kilo var kjempegjedda som var den første som gjekk i rusa i Løkavatnet tidleg i juni 2014.

Foto: Bjørn Håland

Handa rykkjer tilbake. Til alt hell er Tone sin refleks raskt nok til å unngå hogg. Ut av rusa og opp i båten kjem ein sjukilos rovfisk.

Nøyaktig storleiken som ryktet hadde sagt.

Kjempegjedda blir tatt på land, vege, målt, fotografert og obdusert. For dugnadsgjengen i jeger og fiskarforeininga er dette berre trist, men motivasjonen til å fortsetje aukar kraftig.

Dan Andre Aarsvold

Den gong formann i Haugesund og omland Jakt og fiskarforeining, Dan Andre Aarsvold, med hogjedda som var sett ut i Løkavatnet.

Foto: Bjørn Håland

Berre åtte igjen. Med kjempegjedda på land, samt ei til som ligg daud utan tenner ein stad, skulle det vera åtte til av arten i vatnet. Viss ryktet skulle fortsetje å stemma.

– Den store hogjedda var tom for rogn så vi håpa problemet var løyst om vi klarte å fiska opp dei siste åtte, fortel Dan Andre Aarsvold.

Avhøyret

Samstundes som jakta på gjedde pågår, set politiet i gang etterforsking. Politiet finn ein mann som har lagt ut bilde av seg sjølv med ei svær gjedde som han held opp i sivkanten langs det som heilt klart er Løkavatnet i bakgrunnen.

– Denne saka blei etterforska. Det blei gjort vitneavhøyr, og det blei samla opplysningar, men vi kom ikkje i mål med å kunna peika på ein gjerningsperson, orsakar politioverbetjent Jarle Grindheim, som har ansvaret for miljøkriminalitetssaker ved politistasjonen i Haugesund.

Då saka blei lagt vekk fekk Haugesund og Omegn jeger- og fiskerforeining dokumentasjon på at ein namngjeven person hadde vore inne til avhøyr. Vedkommande skal ha forklart at biletet som ligg på Facebook-profilen hans, var ein heilt vanleg catch and release-situasjon.

Politiet hadde ikkje prov som kunne seie noko anna.

– Dette er krevjande saker å etterforska, og vi er avhengige av at folk vil stå fram som vitne, seier Grindheim i haugesundspolitiet.

Nasjonal miljøkrimkoordinator i Økokrim, Sjur Stava, seier saker som omhandlar flytting av fisk i mange tilfelle er vanskelege å etterforska.

– I dei fleste tilfelle er dei det. Når det gjeld prov er toget gått når vi får melding om kva som har skjedd, og det blir meir ei utfordring for miljøforvaltninga, seier Stava.

Kor skal dette ende?

Jarle Steinkjer

– Vi ser at gjedde, og andre artar, har ein tendens til å spreie seg i vatn rundt store byar. Vi har til dømes same situasjonen i Bergen og Trondheim no når det gjeld flytting av ferskvassfisk, forklarer seniorrådgjevar i Miljødirektoratet, Jarle Steinkjer.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Forvaltninga er Jarle Steinkjer. Mellom andre. Seniorrådgjevar ved fiskeseksjonen i Miljødirektoratet. Han vil nødig uttala seg om politiet sine prioriteringar. Men.

– Vi skulle sjølvsagt ønska at det blei tatt tak i, at vi fekk saker opp for retten som kunne vise at dette er alvorleg miljøkriminalitet. Strenge dommar kunne ha verka forebyggande, trur han.

Men røynda er langt frå rettssak og dom. Sjølv om flytting av fisk er miljøkriminalitet som kan gje fengselsstraff blir ingen dømd.

– Det er ingen som forstår alvoret og tek tak i dette. Då kan vi heller ikkje vente at det stoppar. Dette blir gjort i skjul, og vi får ikkje desse folka som gjer dette i tale, seier seniorforskar Trygve Hesthagen i NINA.

Utbredelse av gjedde i Norge

Dei raude prikkane er ferskvatn der gjedde er oppdaga, og der den er sett ut ulovleg. Gule prikkar er vatn der det er uvisst korleis den gjedda har hamna der. Grøne prikkar er vatn der gjedde høyrer heime frå gamalt av.

NINA-forsker Trygve Hesthagen

– Spreiing av fisk er eit stadig aukande problem. Ikkje minst gjedde, seier Trygve Hesthagen i NINA (Norsk institutt for naturforskning)

Foto: Morten B. Stensaker

Hesthagen er ein av Norges fremste ekspertar på spreiing av fisk i ferskvatn, og har forska på temaet i ei årrekkje. Forska for Miljødirektoratet.

– Dette er eit stadig aukande og stort problem. Gjedda gjer reint bord. Når den først er komen blir det meste av annan fisk utrydda. Gjedda er også eit alvorleg trugsmål mot det biologiske mangfaldet elles, forklarer Hesthagen.

– Kven trur du gjer dette?

– Det veit eg ikkje. Det kan vera sportsfiskarar som vil fiske gjedde, eller det kan vera nokon som vil rydde opp i ein tett aurestand. Det blir gjort i skjul, og det er eit svært alvorleg miljøproblem, slår han fast.

NINA-forskaren har ikkje makt til å gjere noko med saka. Det er det Fylkesmannen i det einskilde området som har, saman med Miljødirektoratet har. Begge instansar er like frustrerte over problemet.

Ifølgje fiskeforvaltar Gry Walle hos Fylkesmannen i Hordaland er problematikken kome så langt at ho reknar med at det er gjedde og eller abbor i dei fleste vassdrag i bergensområdet.

– Det er veldig frustrerande å sjå at det kjem stadig meir gjedde. Hadde vi hatt ressursar til å kunna undersøka fleire vatn, ville vi funne gjedde i langt fleire vatn enn dei vi veit om. Men kva skal vi gjere? Vi kan ikkje bruka rotenon i heile Bergen, seier Walle.

Eller kan ho det?

Drepe alt liv – begynne på nytt

Rotenon er gift som tek livet av alle dyr som har gjeller i vatn det blir nytta i. Hausten 2016 blei det nytta i sju vatn i Trondheim der fiskearten mort truga drikkevasskjelda til byen. Gift er også nytta på Hardangervidda med gode resultat, der framandarten ørekyte dukka opp, truleg etter at den var nytta som levande agn.

Fiskebiolog Alv Arne Lyse i Norges Jeger- og Fiskerforbund på Vestlandet meiner det no er tid for å gå i krig mot gjeddemafiaen.

– Viss vi ikkje krigar meir mot dei som set ut, vil vi til slutt få gjedde i alle vatn, trur Lyse.

Med krig meiner han ein plan for bruk av det sterkaste middelet av alle, rotenon.

– Det er ein knallhard kur, men på eit tidspunkt må ein vurdera det. Vi kan ikkje berre lena oss tilbake og ikkje gjera noko, meiner han.

Miljødirektoratet svarer Lyse med å lova å intensivera kampen mot framande artar. Jarle Steinkjer, som er seniorrådgjevar på fiskeseksjonen, seier at dette temaet blir ei klår prioritering det neste året.

– Gjedde spreier seg fortare enn nokon annan fiskeart, og no skal vi lage tiltaksplanar der vi evner å setje i verk tiltak der det enno er mogleg. Då må vi heilt klart tørre å ta diskusjonen om rotenon skal nyttast i større skala, seier han.

– Kunne ha berga Løkavatnet

Steinkjer meiner rotenon kunne vore nytta i Løkavatnet. Sjølv om vatnet høyrer til eit vassdrag finst det måtar å nytte gifta utan å øydeleggje alt.

– Det handlar om at ein kan avgifte rotenon ved å tilsetje eit stoff der ein ikkje ønskjer det skal virke, forklarer han. I tillegg går bekken frå Løkavatnet til eit stort vatn, og då ville rotenon blitt tynna ut og ufarleg for fisken der.

Gjeddejegerane i Haugesund hadde berre eitt val: Dei kunne prøve å fiske ut det talet gjedde ryktet hadde fortalt om. Nemleg ti eksemplar.

Fire månader etter at tipset kom, hadde dei fått ni. Tek ein med gjeddekjeften som hang att i garnet sabotasjenatta er talet ti.

Det same som ryktet sa.

Men. Ingen kunne vite om den svære hogjedda allereie hadde klart å formeire seg før den blei fanga. Det var heller ingen som kunne vite om gjeddemafiaen hadde vore og sett ut fleire gjedder, fleire gongar. Både der og i andre vatn.

Til dømes i nabokommunen.

– Ein blir rasande

TYSVÆR 2016: Ein halvtimes køyretur frå Løkavatnet, Storavatnet i Tysvær, hausten 2016. For første gong i livet får grunneigar John Arne Medhaug gjedde i garnet han har sett for å fiske aure.

– Ein blir jo rasande, seier han.

– Eg skal ikkje gjenta kva eg sa eg ville gjort med dei som har gjort dette. Ein blir jo svart i auga. Men kva skal ein gjera, spør grunneigaren.

Storavatnet er som namnet tilseier både stort og djupt. Å bli kvitt gjeddene her er komplett umogleg. Vatnet går inn i statistikken over nye gjeddevatn i Norge i 2016. Ifølge NINA er dette det andre vatnet berre i Rogaland der gjedde dukkar opp det året.

– Vi har sett ei stund at det har vore bitemerker på fisken i vatnet, men vi har trudd det var mink. Gjedda øydelegg fuglelivet, og et på fisken i vatnet. No håpar vi berre at røyren og auren klarar seg, seier Medhaug som er ein av mange grunneigarar rundt Storavatnet.

Grunneigarane varsla også her politiet om den ulovlege utsettinga. Men ifølge lensmann i Tysvær, Racin Tjøsvoll, er det ikkje oppretta sak på hendinga. Enno.

– Kva meir kan vi gjera?

HAUGESUND 2017: Løkavatnet ser idyllisk ut for ein tilreisande. Bjørn Håland veit betre. Han syns å hugse at vatnet før i tida var forureina av avfall frå ein fabrikk. Ikkje særleg oksygenrikt sidan den gong. Familien hans er frå området. No bur han sjølv like ved.

Gjedde har aldri høyrt til der.

– Ein skal vera dedikert for å få til å setje ut gjedde. Det er ein relativt komplisert operasjon å flytte ei sjukilos gjedde hit. Det skjer ikkje tilfeldig, seier Håland, som har utsyn over heile vatnet frå terrassen sin.

Jan Atle Dale og Tone Furseth Dale

Slik fanga dei kjempegjedda. Jan Atle Dale og Tone Furseth Dale. Her får dei gjedde våren 2017 på same måten.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Det er gått tre år sidan dei la ned fleire hundre dugnadstimar i kampen for å rydda opp etter gjeddemafiaen. Utan nytte. For framleis sym gjedde i vatnet. Då NRK samla dei første gjeddeetterforskarane igjen denne våren gjekk det nok ei gjedde i rusa. Midt i mai fekk Håland fleire.

– Har de gitt opp kampen?

– Ja. Ryktet sa ti, og vi fekk ti. No kan vi berre fortsetja for å halde talet på gjedde nede. Kva meir kan vi gjere, spør Dan Andre Aarsvold seg.

Kjelder: