Hopp til innhold

Englar med skit på vengene

Som kvite englar skal vindturbinane hente grøn kraft ut av vinden. No aukar skepsisen med kraftselskapa sine planer om fleire tusen vindturbinar langs kysten.

Vindmøller
Foto: Kjell Herskedal / Scanpix

Skal uberørte kystområdar leggast ut til industriområde?

Det er tid for ettertanke om det største naturinngrepet i Noregs-historia.

Programmet Englar med skit på vengene vart sendt i oktober 2006.

I april 2007 sender Vestlandsrevyen frå Austevoll om vindmøller.

Drepen av vindturbin

Havørn drept av vindturbin på Smøla.
Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

Havørna på Smøla taklar ikkje dei nye installasjonane. Første året har 68 vindturbinar drepen fleire havørner.

I tilegg blir mange par pressa ut av reirområda sine. For akkurat her låg reira tettast i heile verda. Store anlegg skal komme til sjøs der millionar av fugl trekker forbi vår og haust. Andre vil byggje vindmølle industri der hubroen har sine beste område.

Kystfolk mobiliserer

Kraftselskap og andre firma har søkt NVE om å få konsesjon på rundt 4000 vindturbinar i om lag 120 anlegg frå Lindesnes til Russegrensa. Stadig kjem nye søknader til. Kommunar blir tilbydt millionar i kompensasjon for å frigje natur, som til no har fått vere i fred for byggversomheit.

Tjener pengar på uberørt natur

Andre land tener millionar på økoturisme i uberørt natur. Turistar kjem hit for å oppleve natur vi er åleine om å ha i Europa. Slike rike naturområdar har vi forplikta oss internasjonalt å ta vare på.

Det er stor usamde i miljøvernorganisasjonar, i kommunane og fagmiljø om vindturbinar er ein uproblematisk grøn energikilde.