Undervisning ved Bratteberg skule
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Då leiken forsvann

I 1997 starta seksåringane på skulen og leiken skulle vere sentral. 20 år etterpå er timeplanen full av fag. – Vi vart lurte, seier småbarnsmor.

Ein mann med blekksprutarmar hentar inn att barna som er på ville vegar og har mist fokuset.

I klasserommet på Bratteberg skule i Volda på Sunnmøre kunne det ha blitt komplett kaos når 26 førsteklassingar skal skifte time frå norsk til naturfag, men lærar Håvard Strand har disiplin når han er åleine med så mange elevar.

– Gå til hylla og legg frå deg norskboka. Ta fram naturfagboka og legg den på bordet, er beskjeden som blir gjentatt med roleg røyst fleire gongar.

Nokre ber boka på hovudet, andre høyrer ikkje etter, men blekksprutarmane er der raskt.

6 år gamle Olai Bergset Mandal følger ordren og set seg i kroken av klasserommet. No skal han lære om vårteikn. Utanfor vindauget prøver forsiktige solstrålar å kvitte seg med vinteren utan å lukkast.

– Det beste med skulen er å vere ute i friminuttet, røper Olai.

1. klasse ved Brattberg skule

I naturfagtimen klipper elevane ut vårbilete og limer dei inni boka.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Føler seg lurt

Då spente fem- og seksåringar entra klasseromma hausten 1997 skulle skulekvardagen deira byggast på det beste frå både barnehage og skule. Leiken var ein viktig del og leseopplæringa venta dei med til året etterpå.

Politikarane sitt mål med å la elevane starte eitt år tidlegare på skulen var å auke kunnskapen hos barna og betre resultata.

Det tok ikkje lange stunda før fleire meinte at det vart for mykje fargelegging og leiking. Internasjonale målingar av elevane gav heller ikkje gode resultat.

I 2004 tok utdanningsminister Kristin Clemet (H) til orde for lese- og skriveopplæring frå første klasse og med Kunnskapsløftet tok den tradisjonelle skulen meir over for leiken. Noko anna som skjedde i klasserommet er at norma for kor mange lærarar det skulle vere per barn forsvann i 2003.

Sju månader er gått sidan ei spent og litt nervøs mor sende Olai til sin første skuledag. Ane Bergset Mandal var mest bekymra over korleis overgangen frå den frie leiken i barnehagen til skulekvardagen kom til å bli. Då Olai gjekk i barnehagen hadde han nedteljing til at han skulle bli skulegut. Allereie første skuledag vart det klart at livet aldri kom til å bli det same igjen. Frileiken frå barnehagen blir det berre tid til i friminutta og i skulefritidsordninga.

– Når ein oppdagar kva som har skjedd, får eg lyst til å gå i demonstrasjonstog og rope at dette ikkje var det vi vart lova. Vi vart lurte, seier Mandal. Som mor skulle ho ynskje at det var mindre tradisjonell læring for dei yngste elevane, og at det vart brukt meir leik i læringa. Ho trur leiken bidrar til at barna blir trygge i klassen og lettare blir kjende med kvarandre.

Sjølv om Olai gledde seg enormt til å bli skulegut, var han ikkje klar over at det skulle bli så mykje stillesitjing. Det Olai fortel om når han kjem heim er leiken i friminutta eller turdagane. Han fortel sjeldan om kva han har lært i timane.

– Eg meiner at 1.-klassingane kunne hatt endå meir praktiske fag som musikk og drama, men så snart dei skal bort frå pultane, trengst det fleire vaksne, seier Mandal.

Ane og Olai Bergset Mandal

Ane Bergset Mandal var spent då Olai skulle starte gå frå barnehage ti skule. No etterlyser ho meir leik i skulen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Leik som metode

20 år etter reforma meiner spesialpedagog Sissel Rimehaug Weydahl at politikarane må ta eit steg tilbake og sjå korleis seksåringane lærer best. Ho meiner at leiken bør brukast som ein metode for å lære.

– Leiken er barnets naturlege måte å lære på, seier Weydahl, som har skrive lærebok om temaet. Ho veit at mange seksåringar gler seg enormt til å byrje på skulen. Samstundes er det mange som er umodne og har ei uro i kroppen. Dei som taper er dei som ikkje klarer å sitte stille.

– Då får du desse utagerande og vanskelege elevane, ofte gutar, som ikkje klarer å ta til seg lærdom, seier Weydahl.

Ho understrekar at det er ikkje frileik ho vil ha meir av, men at skulen brukar leikebaserte metodar i opplæringa. Til dømes kan læraren legge til rette for lesing, skriving og rekning i rolleleik. Den nyleg pensjonerte spesialpedagogen får støtte av førsteamanuensis Hilde Dehnæs Hogsnes ved Høgskolen i Sørøst-Norge, som har observert 1.-klassingane i eit forskingsprosjekt.

– Barna går glipp av noko når det er lite rom for leik. Seksåringane er veldig leikne og kroppslege. Det er ein stor overgang å måtte sitte stille i klasserommet, seier Hogsnes.

Tolmodet er skjørt

Håvard Strand med 1. klassingar

Håvard Strand saman med Olai, Nathalie og Kristoffer.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I kroken til 1. klasse på Bratteberg skule har 26 elevar funne plassane sine på benkar og golv. Lærar Håvard Strand spør om Olai kan stille seg framfor klassen. No skal barna kike nøye på seksåringen og beskrive korleis lysluggen med gele i håret og berre ei fortann ser ut. Deretter skal barna skildre kva som kjenneteiknar Steffen med fyldig, mørkt hår.

Læraren sin plan med å ta fram desse elevane, er at 1.-klassingane skal forstå kva han meiner med ordet kjenneteikn når dei no skal prate om våren.

– Kva er typiske vårteikn, spør Håvard og ivrige hender går høgt til vers. Sju månader ut i skuleåret veit seksåringane at det ikkje nyttar å rope svaret ut i lufta. Dei må rekke opp handa og får svare etter tur at blomar, fuglar og meir sol er typisk vår.

Læraren er fullt klar over at det er vanskeleg for elevane å sitte stille og at økta i kroken må vere kort. Tolmodet til ein 1.-klassing kan vare berre nokre minutt før kriblinga i kroppen tar overhand. Ei av jentene er fullt oppteken av snora på joggebuksa si, ei anna har oppdaga ei laus tann.

Det tar ikkje lange stunda før det første barnet har gått frå sitjande til liggande posisjon på golvet. Framleis er handa opprekt, for det er meir å seie om vårteikn. Sommarfuglar, russekort og sauer som kjem ut av fjøset blir nemnt.

– Det beste med våren er at eg har bursdag, seier Olai. Han får i oppgåve å dele ut sakser. No skal alle klippe ut vårbilete og lime inn i naturfagboka. Håvard gjentek den same beskjeden om kva dei skal gjere om att og om att. Blekksprutarmane er igjen i bruk.

Olai Bergset Mandal og Håvard Strand

Lærar Håvard Strand ber elevane skildre korleis Olai Bergset Mandal ser ut.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Treng fleire vaksne

Det er 16 år sidan Håvard Strand hadde ei 1. klasse sist. Forskjellen frå då til no er enorm. 1. klasse i 2000 hadde ein mjuk start på skulegangen. Dei boltra seg i frileik, dei leika med bokstavar, song og gjekk på tur.

Sjølv om dette slett ikkje er borte hos dagens 1.-klassingar, opplever Strand at læringstrykket på dagens 1.-klassingar har auka.

– Det er større forventingar om at elevane skal lære tidlegare. I den offentlege debatten er læring einsbetydande med at vi må ha skulefag og timar, medan vi lærarar har eit utvida omgrep om kva som er læring, seier Strand.

Ideelt sett skulle han tatt med seg barna ut og leita etter vårteikn, for han står fritt til å organisere timane sjølv. Problemet er at i dag er han åleine som vaksen, bortsett frå ein assistent som er saman med den eine eleven.

Å leite etter vårteikn ute, skal elevane gjere ein dag det er fleire vaksne i klassen.

Lærarens høgste ynskje er fleire pedagogar i klassene, slik at elevane kan lære meir gjennom aktivitet og delast inn i mindre grupper.

– Vi må ikkje miste leiken og aldri gløyme kor viktig den er for seksåringen, seier Strand.

Peder Haug

Peder Haug er professor i pedagogikk. Han trur aktivitet er stikkord for god læring.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Mislukka reform

På Høgskulen i Volda sit professor i pedagogikk, Peder Haug, på kontoret sitt. Kikar han ut gjennom vindauget, ser også han dei same vårteikna som 1.-klassingane gjer to kilometer unna.

– Seksåringsreforma er mislukka ut ifrå det som var argumenta for den i si tid. Elevane skulle bli flinkare og klokare. Det har dei ikkje blitt og det kan vi dokumentere, seier Haug.

Eit anna argument var at tidleg skulestart skulle jamne ut forskjellane blant elevane, same kva bakgrunn dei hadde. Det har heller ikkje skjedd, ifylgje Haug. Mykje tyder på at det tvert imot har blitt større forskjellar. Jentene synest å vere i framgang, medan gutane har stagnert eller gått andre vegen.

Professoren trur ikkje oppskrifta på å få flinkare elevar, skjer gjennom meir frileik.

– Ein må akseptere at leik er ulik i ulike aldrar. Vi bør ikkje ha leikeprega aktivitetar i skulen som er eit spegelbilete av barnehagen. Skulen har andre oppgåver og andre mål enn barnehagen, og det må prege aktiviteten der, seier Haug.

Med det meiner han slett ikkje at kvardagen til seksåringane skal vere stillesitjande i klasserommet. Han trur hemmelegheita for betre læring er å vere mindre oppteken av dei tradisjonelle måtane å arbeide, sidan mange av seksåringane ikkje klarer sitte stille lenge og berre vere mentalt aktive. Han meiner at skulane bør legge til rette for at 1.-klassingane kan lære gjennom aktivitet og veit at mange lærarar gjer det.

Også statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Magnus Thue, seier det er opp til lærarane sjølve kva slags metodar dei vil bruke.

– Vi går ikkje inn og detaljstyrer korleis lærarane skal undervise elevane, men overlèt til lærarane sitt faglege skjøn korleis dei best kan tilpasse undervisninga til kvar enkelt elev, seier Thue.

Han seier at regjeringspartia saman med Venstre og KrF har løyvd over ein milliard kroner til fleire lærarar dei siste tre åra, og at det har blitt fleire lærarar per elev på dei første trinna. Regjeringa vil sjå nærare på kvifor gutar gjer det dårlegare på skulen enn jenter.

Olai Bergset Mandal leikar i friminuttet

Friminutta er det kjekkaste med skulen, meiner Olai.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Restaurant i skogen

Etter mat får Olai og kompisane endeleg gå ut. Olai kler raskt på seg vinterdress og lue som han fått beskjed om. Som alle andre instruksar denne dagen, har lærar Håvard kanskje repetert denne også 10 gongar.

Olai stiller seg utanfor skulen og ventar på dei som treng hjelp med glidelåsen eller ikkje finn kleda sine. Gutegjengen har ein hemmeleg restaurant i skogen nedanfor skulen.

– Vi lagar suppe med alt mogleg i. Det er gjørme i den og i går fann vi ei boks med råten cola. Vi putta det opp i og smakte på, ler Olai.

Etter nokre minutt er gjengen som driv den fiktive restauranten ferdig påkledde. Dei spring ned i skogen og klatrar over steinar, men alle som driv ein restaurant veit at uføresette ting kan skje.

– Å nei, suppa vår har frose til is, ropar Olai fortvilt, då han kikar ned i bøtta. Skuffelsen varer berre nokre sekund, før gjengen legg ein ny plan for kva dei skal bruke friminuttet i skogen til. Nokre av dei svingar seg i taua som heng mellom trea, medan andre tar til å hakke på ein stor stein. Tida går fort og plutseleg ringer skuleklokka inn igjen. Det er tid for meir norsk. Det er ikkje timen Olai gler seg aller mest til når han kler av seg vinterdressen.

– Det er litt kjekt å høyre på Håvard, men etterpå skal eg på fotballfritidsordning. Det er gøy, seier Olai.

Sjå også dokumentaren Fra Barn til borger her