NRK Meny
Normal

– Vanskeleg å vite når Mannen rasar i Rauma

RAUMA (NRK): Ekspertane seier det er vanskeleg å vite når fjellet Mannen rasar ut. Trass i avansert overvakingsutstyr, klarer dei ikkje å kontrollere regnet.

Pressekonferanse om Mannen

Sjefgeolog Lars Harald Blikra, ordførar Lars Olav Hustad og lensmann Andreas Hustad frå pressekonferansen i Rauma laurdag ettermiddag.

Foto: Sara Lovise Roaldseth

Sjefgeolog Lars Harald Blikra sa på pressekonferansen laurdag ettermiddag at det er svært vanskeleg å vite kva som skjer med fjellet Mannen.

Vi har betre overvaking enn i fjor haust, men det er vanskeleg å seie kor fort dette kan utvikle seg. Spesielt vanskeleg er det å vite kor fort fjellet rasar, seier Blikra.

Han seier dei held oppe raudt farenivå fordi rørslene er så store, spesielt på toppen av det rasutsette fjellet.

Seier dei evakuerte er prega av situasjonen

Ordførar Lars Olav Hustad og lensmann Andreas Hustad.

Ordførar Lars Olav Hustad seier dei har tett kontakt med dei ni som er evakuerte.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Det var Rauma kommune, NVE og politiet som kalla inn til pressekonferanse kl. 13 på Rauma kulturhus, for å oppdatere folk om situasjonen. Der starta ordføraren med å seie at dei evakuerte har det bra, men at dei er prega av situasjonen.

Vi har tett kontakt med dei evakuerte. Det som tærer på er usikkerheita, seier ordførar Lars Olav Hustad.

Laurdag formiddag hadde kommunen møte med dei, og Hustad seier dei er usikre på når skredet går, om dei snart kan flytte tilbake og når dei eventuelt blir evakuerte på nytt.

Kan bli fleire evakueringsrundar

Betre måleinstrument kan føre til at NVE skiftar mellom oransje og raudt farenivå raskare enn før, og dermed også at innbyggjarane i området må flytte ut og inn fleire gongar.

No har vi mykje betre instrumentering enn i fjor, og NVE kan dermed varsle faregraden mykje sikra enn før. Desverre kan dette også føre til at folk må flytte ut og inn igjen, og det er ingen heldig situasjon, seier Hustad.

- Vanskeleg å vite kva som skjer

Lars Harald Blikra

Sjefgeolog Lars Harald Blikra ved NVE seier det er svært vanskeleg å seie når skredet går.

Foto: Sara Lovise Roaldset

Sjefgeolog Lars Harald Blikra seier det er vanskeleg å vite kva som skjer med fjellet Mannen. Det at det er ulik fart i rørslene på toppen og lenger nede i fjellet, gjer at det er vanskelegare å tolke.

Den store uvissa er å klare å vite kva som skjer djupare nede, seier han.

Likevel understrekar Blikra at dei har betre overvakingsutstyr no enn i fjor haust, då dei også trudde at fjellet skulle rase.

Trur ikkje fjellet rasar dei neste timane

Regnet, som sette fart i rørslene i Mannen, har minka noko, og dermed også rørslene. Difor trur ikkje Blikra at skredet går dei næraste timane.

Nei, i alle fall ikkje dei tre-fire første timane, seier han.

Trur du at situasjonen kjem til å roe seg igjen?

Det avheng heilt av nedbøren. Dersom det no ikkje kjem så mykje meir, kan dette roe seg ned til neste nedbørsperiode, seier han.

Kontinuerleg vakthald

Pressefolk i Rauma

Stort oppbod av pressefolk på pressekonferansen laurdag klokka 13.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Blikra seier det no er større rørsler no i fjellet enn då folk blei evakuerte i fjor haust. NVE har no kontinuerleg vakthald.

Vi køyrer vaktordningar, og er på vakt fire timar kvar, før vi kviler, seier han.

Kjem ein til å få ytterlegare varsel før skredet går?

Ja, seier Blikra.

Ber folk la vere å stoppe

Lensmann Andreas Hustad i politiet seier dei har vakthald ved staden, og at det er opphaldsforbod i området. Togbanen er også stengd, men ikkje europavegen.

Hustad er ikkje glad for at bilistane som stoppar i området for å sjå.

– Vi ser helst at folk ikkje stoppar framfor gardane, men berre køyrer vekk frå området, seier han.

Raudt farenivå ved Mannen

Pressekonferanse Rauma kulturhus

Alt er klart for pressekonferanse på Rauma kulturhus laurdag kl. 13.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

NVE valde fredag kveld å heve farenivået ved Mannen frå oransje til raudt, etter at kraftig nedbør har sett fart i rørslene i det ustabile fjellet.

Ni personar og fleire hundre sauer er no evakuerte i påvente av skredet.

Natt til laurdag var det fire småras og fleire sterke drønn frå Mannen.

Flyttar seg ein millimeter i timen

NVE melde laurdag formiddag at fjellet no flyttar seg ein millimeter i timen, og dette er noko mindre enn fredag kveld. Men det er venta meir nedbør, og situasjonen er uavklart.

NRK Møre og Romsdal oppdaterer fortløpande.

"Dagkamera"