Vil ikkje anke Øvrelid-dommen
Politikarane i Ulstein vil ikkje anke Øvrelid-dommen til høgsterett. Det blei bestemt på kommunestyremøtet i kveld. Avstemminga var samrøysta, og resultatet var i samsvar med kommunedirektørens tilråding.
Hareid og Ulstein kommune blei i Frostating lagmannsrett dømt til å betale erstatning på til saman rundt fire millionar kroner til dei to yngste Øvrelid-søskena. Søskena får erstatning for at kommunen ikkje greip nok inn då dei blei mishandla som barn. Dei tre andre søskena fekk ikkje erstatning.
Dokumenta knytt til behandlinga av saka i kommunestyret har vore unntatt frå offentleg innsyn, og det var ikkje mogleg å følge diskusjonen under møtet via Facebook-strøyming, slik det vanlegvis er.
Formannskapet i Hareid skal diskutere saka seinare i kveld.