Hopp til innhold

Vennlege informasjonsskilt oppe

Det har vore mykje fram og tilbake, men no er vennlege informasjonsskilt, i staden for forbodsskilt, sett opp langs Atlanterhavsvegen.

Skilt på Atlanterhavsvegen
Foto: Grete Kongshaug

Informasjonsskilta oppfordrar bubilane til å nytte campingplassar og tømmestasjonar for septik.

– Ikkje aktuelt med forbod

Skilta er no sett ut på hovudrasteplassen på Eldhusøya og på vegen frå Bu mot den nasjonale turistvegen.

– Å bruke campingplassane og halde området reint og ryddig er bodskapen, seier Grete Kongshaug som er ansvarleg for Nasjonal turistveg Atlanterhavsvegen.

To skilt har kome opp til no og det kan kome fleire. Men førebels vert det ingen forbod.

– Nei, ikkje førebels. For det er ikkje alle som kjenner seg igjen i den beskrivinga som har kome fram i media i det siste. Slik at eit forbod vil ikkje vere aktuelt no, seier Kongshaug.

Betre tilrettelegging

Etter møtet med kommunane Averøy og Eide, Bubilforeininga og Statens vegvesen kom det ikkje noko samla krav om forbod mot bubilar.

– Den viktigaste konklusjonen var betre tilrettelegging og betre informasjon til gjestane om kvar ein finn tømmeplassar og korleis ein skal bruke friluftsområda og rasteplassane, seier Kongshaug.

Kommunalt ansvar

Mangelen på tømmestasjonar langs Atlanterhavsvegen er det kommunen som er ansvarleg for.

Eit arbeid er no i gang for å kartleggje behovet og finne nye gode lokaliseringar for tømmestasjonar.