Hopp til innhold

Bubilturistar kan sove trygt

Ordførarane i Eide og Averøy ville nekte bubilturistane å overnatte på Atlanterhavsvegen. Men turistane kan truleg berre ta det med ro i sovealkovane sine. Vegvesenet vil nemleg ikkje ha noko forbod.

Atlanterhavsvegen

Atlanterhavsvegen er blitt svært populær for både bobilturistar og andre turistar på tur langs kysten.

Foto: Statens Vegvesen

Det er problemet med å bli kvitt septiken frå bubilane som er årsaka til skepsisen mot bubilturistane. Førebels er der ikkje eigna tøymeplassar for slik kloakk, og skit, urin og kjemikaliar hamnar i naturen. I einskilde høve skal toalett på kioskar og kafear i området ha blitt tilgrisa.

– Statens vegvesen har ein policy om at vi ikkje skal forby camping og parkering for bestemte trafikantgrupper på rasteplassar, seier Grete Kongshaug. Ho er ansvarleg for Nasjonal turistveg Atlanterhavsvegen i Statens vegvesen.

Statens vegvesen må nemleg ta omsyn til fleire trafikantgrupper. Køyre- og kviletidsreglar veg tungt. Det må vere mogleg for langtransportsjåførar å kvile ut på rasteplassar.

– Vi taklar denne saka best ved å setje opp informasjonsskilt der vi oppmodar dei besøkjande om å bruke lokale campingplassar, seier Kongshaug. Skilta er allereie klare, men blei ikkje sett opp før sommaren på grunn av ei misforståing, seier ho.

Grete Kongshaug opnar no for at Statens vegvesen kan vere villig til å drøfte eit forbod, slik ordførarane har bede om.

– Vi får drøfte ulike løysingar. Det kan vere mogleg med eit forbod, men då må dette vedtakast i forhold til vegtrafikklova. Men i utgangspunktet skal det ikkje vere forbodsskilt på desse rasteplassane, seier Kongshaug.