Ny norsk varmerekord – 19 grader på Sunndalsøra

For andre gong i dag ryk varmerekorden for januar. Sunndalsøra på Nordmøre målte 19 plussgrader i føremiddag.

Sunndal

Sunndalsøra har slått varmerekorden for januar. Det blei målt 19 varmegrader.

Foto: Ingrid Berset Lien / Sunndal kommune

Først blei det sett ny varmerekord på Åndalsnes i Møre og Romsdal med 18,6 varmegrader torsdag morgon. Så slo Sunndalsøra i same fylket denne rekorden på formiddagen. Det blei målt heile 19 grader.

Førre rekord på 17,9 grader blei målt i Tafjord på Sunnmøre i 1989.

Laster Twitter-innhold

– Det er morosamt å sette varmerekordar, men det er med ein viss bismak når vi ser korleis heile klimaet er i endring, seier ordførar i Sunndal, Ståle Refstie (Ap).

Med dagens måling har Sunndalsøra varmerekorden frå alle dei tre vintermånadane, desember, januar og februar.

– Det ser mørkt ut for skiføre, og det er meldt varmt vêr framover også. Det er vel berre å pakke vekk akebrettet, seier Refstie.

Oliver (8) et is

Oliver Blåsberg (8) tok seg årets første is i dag på Sunndalsøra: – Det er bra, men rart. Ein brukar å ete is på sommaren.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Sunndalingane Gina, Ragne og Lina synest det er deileg å kunne gå ute i varmen med open jakke, utan å tenke på å fryse.

– Eg likar sommar best, og synest dette er greitt. Så skjønnar eg at det blir påverka av klima og ikkje er så bra. Det gjer meg bekymra, seier Gina Hermo Reiten (16).

Varmerekord på Sunndalsøra

Gina Hermo Reiten (t.v.), Lina Bostad Thanem og Ragne Solbu de Courcy er ute og nyt det varme vêret på Sunndalsøra.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Også på Åndalsnes i Rauma er ordføraren delt i synet på den uvanlege varmen. Dei fekk først rekorden, men mista den etter kort tid.

– Det er veldig godt og varmt, og heilt spesielt. Samtidig ser eg med bekymring på desse store uvanlege endringane i vêret og klimaet, seier ordførar i Rauma, Yvonne Wold (SV).

De kjem ikkje til å feire med kake?

– Nei, det gjer vi nok ikkje. Men vi må ut å nyte det fine vêret, det må vi, seier Wold.

Åndalsnes varmerekord

Først fekk Åndalsnes varmerekorden med 18,6 gradar. Den blei seinare slått av Sunndalsøra lenger sør i fylket.

Foto: Dag Søvik / Rauma kommune

Ifølge meteorolog Martin Granerød er det fenomenet fønvind som gjer at det blir så varmt inst i fjordane i Møre og Romsdal, noko som ikkje er uvanleg.

– Det tyder av vi har ville luftmassar frå sør. Når dei kjem på nordsida av fjella, blir dei varma opp på veg ned igjen. Då blir det varme temperaturar, seier Granerød.

– Vi i MDG jublar ikkje

Carl Johansen, førstekandidat for MDG i Møre og Romsdal

Vanlegvis er det morosamt med rekordar, men denne gongen jublar ikkje fylkesleiar for MDG, Carl Johansen. Han bur i Sunndalsøra.

Foto: Toine C. Sannes / Miljørpartiet de Grønne

Gruppeleiar på fylkestinget for MDG i Møre og Romsdal, Carl Johansen, er ikkje særleg glad for den nye rekorden. Han bur på Sunndalsøra.

– Vi i MDG jublar ikkje for denne rekorden. Det er vanskeleg ikkje å sjå dette som ein del av ein trend der vi får stadig varmare og meir unormalt vêr, seier Johansen.

Han meiner bevisstheita rundt dette har auka, men at politikarane ikkje heng med.

Sunndalsøra andre nyttårsdag

Det er vanleg med varm fønvind på Sunndalsøra i Møre og Romsdal. Målestasjonen har vore i drift sidan 1983.

Foto: Ingrid Berset Lien

Sletta rekord frå 1950

Også i Trøndelag var det svært milde luftmassar også torsdag morgon. I Trondheim blei det sett ny varmerekord ved målestasjonen på Voll med 10,2 grader. Dette er følgje Adresseavisen den høgaste temperaturen som er målt i januar sidan målestasjonen blei etablert i 1923. Den tidlegare rekorden var på 10,1 grader frå 31. januar 1950.

Ifølgje avisa er den nye rekorden på Voll ikkje ny rekord januar når vi ser på alle målestasjonane. 10. januar 1971 kraup gradestokken heilt opp til 13,5 grader på ein målestasjon på Tyholt. På dette tidspunktet var målestasjonen som fekk ny rekord i dag ikkje sett i drift.

Bad Åndalsnes

Ordførar Yvonne Wold i Rauma tok seg eit nyttårsbad 1. nyttårsdag. – Det var friskt. Kaldt i vatnet og varmt i lufta, seier ho.

Foto: Privat

Mildt og vått

Avsluttinga på vêråret 2019 har vore vått og mildt. Dette er også stikkorda for vêret i dei første månadene av det nye året. Det ser i alle fall slik ut på langtidsvarselet til forskarane på Norce og Bjerknessenteret.

– Både langtidsvarselet, vanleg vêrvarsel og sesongvarselet peikar i den retninga. Slik det ser ut akkurat i dag, ligg det an til å bli ein mild vinter fram til slutten av mars, seier klimaforskar Erik Kolstad ved Norce og Bjerknessenteret for klimaforsking ved UiB.

Klimaforskaren trur at milde vintrar vil vere den nye normalen på grunn av global oppvarming.