Ornitolog Tore Hals meiner fleire bør legge til rette for at krykkjene skal få etablere seg.
Foto: Eirik Haukenes / NRKUnder den 1257 meter lange hengebrua over Gjemnessundet ligg det over ein kilometer med krykkjereir, fordelt på fire rekker. Sidan brua opna i 1992 har måsearten auka år for år, stikk i strid med det som skjer i fuglefjella andre stader i landet. Der har bestanden blitt dramatisk redusert sidan 80-talet.
– Å sjå at dette er ein livskraftig koloni som berre veks og veks, varmar hjartet, seier ornitolog Tore Hals.
I dag er det om lag 850 par som hekkar under brua, og det gjer at kolonien er ein av dei største i landet. Det var Tidens Krav som først omtalte saka.
Krykkjene under brua har både god tilgang til næring og dei får fred.
Foto: Eirik Haukenes / NRKMåseskit er null problem
Hundrevis av måsar som skit fører til at betong smuldrar opp, og det er vanleg å hindre etablering av hekking på bruene. Men i Gjemnes er det altså tatt grep.
Allereie då dei første para etablerte seg under brua etablerte ornitologane eit samarbeid med Vegvesenet. Blant anna har Vegvesenet fått råd om når på året det er best å reingjere brua.
Hallvard Matheson Rangnes i Statens vegvesen seier at det er positivt at dei klarer å vedlikehalde brua, samstundes som krykkjebestanden veks.
Foto: Eirik Haukenes / NRK– Det er påført over 1000 kvadrat med membran her, som skal beskytte den berande betongen mot syreangrepet frå fuglane, seier byggeleiar Hallvard Matheson Rangnes i Statens vegvesen.
Ragnes seier at måten dei gjer det på er positiv for begge partar, både for krykkjene og for brua.
– Ei solskinshistorie
Tore Hals trur det er fleire grunnar til at bestanden under Gjemnesbrua veks. Her har dei nok mat og dei får fred under hekkinga.
No er utfordringa å få alle små krykkjeungane til å bli vaksne. Ikkje sjeldan sett ungane, som skal forlate reire, seg på rekkverket og flyg feil rett inn i trafikken på brua, i staden for å fly over sjøen.
– Eg trur at kloke hovud skal finne ei løysing, seier Hals.
Ornitogen meiner at fleire bør legge til rette for krykkjene, i staden for å hindre dei å hekke. Han skjøner at ikkje alle stader er eigna, men det er lov å bruke fantasien.
– Det ser vi ei solskinshistorie på her, seier Hals.