Hopp til innhold

Trollpikken er slett ikkje eineståande

Trollpikken i Egersund blei storkjendis på få dagar. Men norsk natur er full av stadnamn henta frå kjønnslivet.

Fjellheimen i Dalane byr på litt av hvert. Trollpikken skaper oppmerksomhet.

Dette er Trollpikken i Dalane. Men norsk natur har mange tilsvarande formasjonar i naturen.

Foto: MATHIAS OPPEDAL / NRK

Bjørn Austigard arbeider på Romsdalsmuseet. Og han har interessert seg for lokal kultur og historie gjennom heile livet. Han har også interessert seg for den delen av folkekulturen som det ikkje var vanleg å snakke så mykje om før i tida.

  • Kjenner du til lokale namn i same kategori som «Trollpikken». Tips oss gjerne ved å skrive ein kommentar i kommentarfeltet under artikkelen.

Og no handlar det om formasjonar i naturen som har fått folk til å hente fram dei delane av ordforrådet som gjerne har blitt kalla både «på kanten», «obskøn» og til og med «grisete» og «styggeprat».

– «Pikk» er eit for nytt ord

Bjørn Austigard

Bjørn Austigard arbeider ved Romsdalsmuseet i Molde.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det er historia rundt «Trollpikken» i Egersund som har fått mange til å leite fram lokale eksempel på slike namn. Men akkurat namn med den varianten på det mannlege kjønnsorganet trur ikkje Austigard at vi har særleg av på våre kantar.

– Eg er ganske sikker på at vi ikkjAistigarde har noko tilsvarande namn her. Ordet «pikk» er for nytt til at det kan koplast inn i reelle namnetradisjonar. «Pikk» er eit for moderne ord. Og namnet på formasjonen nede i Egersund må også vere forholdsvis nytt, trur Austigard.

Eistekornet

Men det finst fleire namn på formasjonar i naturen i Møre og Romsdal som er henta frå ordforrådet kring kjønnslivet. Og mange av namna byggjer på både fantasi og humor.

– Folkefantasien har vore der heile tida. På Reinsfjellet ligg det ein kjempestor stein 500 meter over havet. Han heiter rett og slett Eistekornet, seier Austigard. (Eiste = testikkel).

I folketrua i gamle dagar må ein ha hatt ei førestilling om at det kan ha vore ein jutul som har mista den eine testikkelen sin, forklarar Austigard.

Men vi veit ingen ting om han var forplantingsdyktig etterpå, skrattar han.

Eistekornet

Dette er Eistekornet på Reinsfjellet. (Biletet er henta frå ei bok og gjengitt med løyve frå fotografen).

Foto: Kåre Magne Holsbøvåg

– Jutulsnurrulen og Jutulkonta

Austigard dreg fram ei historie frå heimtraktene i Eikesdal. Der skulle ein jutul og ei hulder møte kvarandre. Og spora etter kjønnsorganet til jutulen og underlivet til huldra er synlege i naturen den dag i dag.

– Kjønnsorganet til jutulen finst i form av Jutulsnurrulen og Jutulkonta. Snurrul er namnet på det mannlege kjønnsorganet og konte er namnet på det kvinnelege, forklarar Austigard.

– Det er ikkje så lett å få auge på desse formasjonane no for tida. Dei er i ferd med å bli overgrodde. Men slik var det vel med gammalt folk, skrattar museumsmannen.

Eikesdal

Dette er Eikesdalen. Her finn vi både Jutulsnurrulen og Jutulkontå.

Foto: Elena Finnset

– Bjønnakonta og Bjønnakusa

Austigard ser også ei endring i haldningane til ord og uttrykk blant Noregs befolkning. For historia om «Trollpikken» hadde kanskje ikkje fått dei dimensjonane som den har fått berre for få år sidan.

Eg hadde nok ikkje stilt opp til eit slikt intervju for 20 år sidan. Og du hadde sikkert ikkje intervjua meg om det heller, seier han. Men så skundar han seg med å legge til kjende naturnamn med namn frå kjønnsorganet til dyr.

Han nemner Bjønnakonta og Bjønnakusa som begge finst i naturen i Møre og Romsdal. Og det finst heilt sikkert mange, mange fleire.