Hopp til innhold

Haugesund leikar med Solskjærs Molde

I Haugesund leikar heimelaget ball-i-hatt med Molde. Aalesund har besøk av eit tafatt Viking-lag. Og på Høddvoll har heimelaget teke føringa over Sandnes-Ulf.

Aalesund - Viking

Aalesund jubler for skåring i kampen mot Viking.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

I desse kampanane er det Møre og Romsdal mot Rogaland, og ved pause er stillinga i dei tre kampane slik:

Haugesund-Molde: (3-0)*

Aalesund- Viking: (1-0)*

Hødd-Sandnes-Ulf: (1-0)*

Aalesund tek imot Viking på stadion heime i Ålesund.

Aalesund stiller i dag med de to unge kometene Ulvesta og Myklebust fra start. Slik er laget:

Grytebust, Jääger, Jalasto, Arnefjord, Parr, Orry Larsen, Ulvestad, Barrantes, Sylling Olsen, Fuhre, Myklebust.

På benken sitter:

Sandqvist, Skagestad, Tollås Nation, Sandnes, Sellin, Fløtre, Okoronkwo

Aalesund har Demar Phillips og Jason Morrison ute på landslagsoppdrag. Phillips måtte ha sona i denne kampen uansett på grunn av gule kort.

Pablo Herrera og Sander Post slit med skadar. Men fleire unggutar har meldt seg på i det siste. Mot Hødd sleit Aalesund i cupen, og det var berre så vidt Aalesund klarte å avansere til fjerde runde.

Viking er langt på veg den største negative overraskinga i øvste divisjon. Før dagens runde ligg Viking heilt på botn av tabellen. Mange har stilt spørsmål ved om sunnmøringen Aage Hareide sine dagar som trenar i Viking er talte.

Molde er i Haugesund. Laget frå Rosenes by har hatt ei bratt stigande formkurve, og mykje tyder på at Ole Gunnar Solskjær er i ferd med å skape eit topplag. Spørsmålet no er om Molde klarer å halde fram den positive trenden mot eit dyktig og hardt kjempande heimelag på sørvestlandet.

Molde stiller med dette laget:

Pettersen, Vatshaug, Steen, Forren, Simonsen, Berg Hestad, Thioune, Eikrem, Chukwu, Angan, Diouf.

På benken:

Valderhaug, Moström, Ulvestad, Stamnestrø, Mota, Wemberg, Gatt.

Haugesund har riktignok tapt to heimekampar på rad. I fjor tapte Haugesund berre ein heimekamp, og det var nettopp mot Molde. Klarer eit revansjesugent Haugesund å mobilisere krefter, og klarer Molde å halde fram den positive trenden? Det går mot nok ei spennande fotballrunde i øvste divisjon.

Hødd har også overraska mange. Laget som rykka opp att i førstedivisjon har hatt ei knallopning, og ligg no på åttandeplass, berre fem poeng bak serieledaren. Sandnes-Ulf ligg på sikker plass, men det er jamt nederst på tabellen. Sandnes-Ulf ligg på same poengsum som HamKam og BodøGlimt som ligg på nedrykksplass.

Hødd stiller med dette laget:

1 Ørjan Håskjold Nyland
5 Fredrik Klock
2 Steffen Moltu
22 Akeem Latifu
15 Bendik Torset
16 Sivert Heltne Nilsen
7 Erik Sandal
13 Ruben Kenneth Brandal
10 Michael Karlsen
14 Adama Diomande
11 Kazeem Ahmed