Hopp til innhold

Tindekvindene trassa styggevêret

Tradisjon tru skifta Tindekvindene til kjole på fjelltoppen. – Det kjennest eigentleg mest som eit isbad, og er like herleg etterpå, seier Irina Sævik med knall blå kjole på toppen. No vil dei vil inspirere fleire kvinner til å bli med på høge fjelltoppar.

Tindekvindene
Foto: Jannicke Farstad / NRK

Birgitte Fondevik

Birgitte Fondevik i raudt, var med å starte Tindekvindene.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Tindekvindene er eit ope forum på Facebook som skal inspirere kvinner til å utforske naturen på Sunnmøre. Det starta med ein ide nokre jenter fekk då dei møtte eventyraren og ålesundsjenta Cecilie Skog i Molladalen i Ørsta.

– Mannen min er høgderedd, så eg ville alltid høgare opp enn han, seier Birgitte Fondevik.

I lag med blant andre Hilde Marie Nicolaisen vart det avgjort at dei skulle starte ei Facebook-gruppe for å få kontakt med fleire kvinner som ville bli med på tur. I dag har dei over 600 medlemmer, og Cecilie Skog er gruppas høge beskyttar.

Med kjole i sekken

Det har blitt mange høge toppar, nesten alltid med kjole i sekken. Det starta med at ei av jentene fekk ei utfordring av kjærasten sin.

– Ho skulle gjere som dei første kvinnelege klatrarane, nemleg klatre i skjørt. Da Hilde Marie Nicolaisen klatra på fjellet Bladet i skjørt var det gjort, det har blitt ei greie som vi syneat er morosam, seier Birgitte.

Saka held fram etter videoen.

Sjå videoen frå turen opp til Keipen. Foto/redigering: Jannicke Farstad.

Les om kvinner i klatresporten her.

– Blir som eit nytt menneske

Dagens turmål var Lisjedalshornet (1300 moh.) over Hjørundfjorden, men mykje vind gjorde at Keipen (944 moh.) vart eit litt meir realistisk. Frå Sæbø på Sunnmøre fekk dei ein fin start utan for mykje vind, det skulle endre seg litt lengre oppe.

Irina Sævik

Irina Sævik med blå kjole i midten.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Irina Sævik kjem frå Russland, og hadde aldri gått på fjellet før ho flytta til Ulsteinvik. For nokre år sidan fekk ho høyre om Tindekvindene og bestemte seg for å bli med. No har ho ikkje tal på kor mange fjellturar det har blitt.

I sommar blei ho saman med nokre andre av Tindekvindene, "Fjelldronning". Den tittelen får du når du går på dei gjævaste tindane i Romsdal.

– Vi støttar kvarandre. Kvar gong eg kjem heim frå tur er eg eit nytt menneske, det gir meg så masse, seier Irina Sævik.

Nesten som å isbade

Oppe på ryggen som går opp til Keipen er det iskald vind. For nokre dagar sidan var det snø her, no kjennest det som han snart vil komme tilbake. Det er her oppe jentene tar av seg hue og vottar. Når kjolen kjem på, er det mykje latter.

– Dette er vel kanskje ikkje heilt naturleg, seier ei av jentene når ho står der nesten utan klede.

– Kom igjen jente, det blir herleg etterpå, seier Irina Sævik. Ho veit kva ho snakkar om, dette har ho gjort mange gonger før. Det er nesten som å isbade, og du får den same herlege varme følelsen når kleda kjem på igjen.

Les meir om Tindekvindene her.

  • Sjå også:
Sju heilt spesielle fjell i Romsdalen kan gjere deg til Fjellkonge eller Fjelldronning. Til no er det under 50 personar i Norge som har gått alle fjella og fått denne heiderstittelen. No vil journalist og tobarnsmor Jannicke Farstad prøve seg i lag med norges yngste fjelldronning, 15 år gamle Ingvill Aasheim. Det vil bli utfordrande og tøffe turar, men også eit eventyr i vakker natur.