Hopp til innhold

Uroa for utviklinga: Lupinen rykker nærare og nærare nasjonalparken

Den framandartlista blomen klatrar opp mot Jotunheimen nasjonalpark. – Det er dramatisk, meiner Naturvernforbundet.

Lupiner langs fylkesveg 51 Valdresflye

HØG RISIKO: No finst lupinen så å seie over heile landet. Og blomen, som er på framandartlista i Noreg, rykker nærare og nærare Jotunheimen.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Langs fylkesvegen ved Beitostølen, ved foten av Jotunheimen nasjonalpark, har lupinen slått rot.

900 meter over havet fyller blomen grøftene langs det som berre nokre hundre meter lengre borte er den nasjonale turistvegen over Valdresflye.

Lupiner Valdres fv. 51 Valdresflye

– Det er dramatisk – ei tragisk utvikling, seier leiar av Naturvernforbundet i Valdres, Fred Kuyper.

Han er uroa for at lupinen skal spreie seg endå lengre oppover i fjellet.

Stor risiko

Sidan 2007 har lupinen vore på framandartlista i Noreg. I 2016 vart det forbode å plante den.

For den høyrer eigentleg ikkje til her. Likevel har blomen fått spreie seg.

– Jada, lupinen er fin, men det hjelp ikkje. Det kan ikkje halde fram slik. Vi er nøydde til å fjerne den, meiner Kuyper.

Lupiner

VAKKER: Nokre meiner nok at lupinen er ei vakker blome, men den utgjer ein stor økologisk risiko.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Over heile landet

No finst lupinen så å seie over heile landet, ifølgje Kristine Bakke Westergaard, førsteamanuensis ved NTNU Vitenskapsmuseet.

Langs heile kysten, heilt opp til Finnmark, finst blomen.

Lupinen følgjer vegane, men også elvene.

Under kan du sjå korleis hagelupinen har spreidd seg i Noreg frå 1916 og fram til 2020:

Laster Giphy-innhold

Enn så lenge har ikkje lupinen kome seg opp på fjellet eller inn i nasjonalparkane.

Men den nærmar seg.

– Det er eit mål at vi skal halde framandartar som utgjer ein så stor risiko utanfor verneområde fordi dei utgjer såpass stor økologisk skade, seier Westergaard.

– Kanskje kampen er tapt i område som ikkje er verna, men vi må framleis ha som mål at verneområde skal vere fri for desse artane.

NRK forklarer

Kvifor er lupinar så farleg?

Kvifor er lupinar så farleg?

Lupinen spreier seg i eit kraftig tempo og truar mange av dei norske villblomane.

Kvifor er lupinar så farleg?

Lupinen har såkalla nitrogenfikserande rotknollar.

Det gjer til at den har små krav til jorda der den veks.

Kvifor er lupinar så farleg?

Samstundes endrar arten jordsmonnet til fordel for nitrogenkrevjande planter.

Kvifor er lupinar så farleg?

Endring i jordsmonnet gjer til at lupinen kan vekse seg stor og sterk der andre planter har dårlege forhold.

Kvifor er lupinar så farleg?

Det kan føre til at andre artar blir fortrengt.

Vanskeleg å bli kvitt

Årleg løyver Miljødirektoratet millionar av kroner for å prøve å overvinne artar som truar den norske naturen.

I år har statsforvaltarar til saman fått 6 millionar kroner til tiltak mot framande planter utanfor verneområde.

Men å kvitte seg med blomen, er ingen enkel oppgåve.

– Det er eit stykke arbeid. Ein måte å nedkjempe den på er så slå dei før dei set frø, slik at dei ikkje kan spreie seg vidare oppover langs vegane. Også må dei haldast nede heile tida, seier Westergaard.

Og dette må gjerast om igjen, og om igjen, og om igjen.

I fleire tiår, meiner Westergaard.

– For frøa ligg i jorda og dannar ein frøbank. Dei kan spire i mange år etter at ein trur ein er kvitt dei.

Lupiner langs fylkesveg 51 over Valdresflye

NASJONAL TURISTVEG: Vegen over Valdresflye er ein Nasjonal turistveg som lokkar tusenvis av turistar kvar sommar.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Det er ein jobb Innlandet fylkeskommune, som eig vegen over Valdresflye og inn i nasjonalparken, prøvar å gjere.

– Vi gjer økologiske risikovurderingar og tiltak med mål om å hindre at hagelupinen spreier seg ytterlegare, seier Janicke Haug, senioringeniør i Innlandet fylkeskommune.

Les også Har kjempa mot denne i årevis: – Kan vere for seint

Lupiner langs E18 i Vestfold

Vurderer fleire tiltak

For å unngå at blomen spreier seg opp i høgfjellet, slår dei grøftene i retning mot Beitostølen sentrum, ikkje mot Jotunheimen.

– Vi må no vurdere om tiltaksgraden bør bli auka, seier Haug.

Ho fortel at dei er nøydde til å ha eit større fokus på fjellområda der dei ser at lupinen byrjar å klatre oppover.

– Vi er uroa for at dette spreier seg opp til dei områda som ikkje har skogvegetasjon langs vegen, men opne fjellvidder, seier ho.

– Då er det ingen barriere lengre.

Lupiner

FLEIRE ÅR: Å fjerne lupinen er ein stor jobb. Det vil ta fleire tiår å bli kvitt den, ifølgje Kristine Bakke Westergaard ved NTNU Vitenskapsmuseet.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Stor jobb att

Leiaren for Naturvernforbundet i Valdres har i fleire år prøvd å kjempe mot lupinen.

Han vil ikkje seie at slaget er tapt, men dei har ein stor jobb å gjere.

Fred Kuyper, leiar Naturvernforbundet i Valdres

KJEMPAR: Leiar i Naturvernforbundet i Valdres, Fred Kuyper, kjempar for å hindre vidare spreiing av lupinen.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

– Eg har etter kvart fått kjensla av at det ikkje er så mange som har trua på at vi får det til. Det er venta at den vil fortsette å spreie seg, seier Kuyper.

– Det viktigaste no, er at spreiinga stoppar opp der det er veldig dramatisk, slik som her, inn mot høgfjellet.

Les også Her luket de ett tonn blomster på fire dager

Lupiner langs E-134 i Kongsberg