Hopp til innhold

Dette gjer folk eitrande forbanna

På Smøla er blomsterenga i vegkanten høvla ned i kantslåtten. – Det er opprørande, seier Espen Lie Dahl.

Kantslått på Smøla

Mange reagerer på at det er klipt så breie kantar på Smøla og dermed har mykje sommerblomster gått tapt.

Foto: Lars Magne Roksvåg / NRK

Espen Lie Dahl

Espen Lie Dahl er biolog og bur på Smøla. Han meiner kantslåtten blir gjort på heilt feil tidspunkt.

Foto: Privat

Eit tre meter breitt nyklipt belte på begge sider av vegkantane gjer folk i øykommunen Smøla rasande.

Her stod det mellom anna raudkløver, prestekragar og smørblomster før fylkeskommunen tok kantslåtten.

– Det er opprørande. Det hjelp ikkje å flotte seg med FN sine berekraftsmål og så gjer ein noko så hårreisande, seier Espen Lie Dahl, som sjølv er biolog.

Sommarblomster før kantslåtten på Smøla

Slik såg det ut før kantslåtten på Smøla.

Foto: Jorun Marie Jonassen

Han meiner kantklippinga er gjort på det aller verste tidspunktet for insekta og burde ha venta til etter blomstringa.

Sjølv har han brukt mykje pengar i sin eigen hage for å legge til rette for at insekt og sommarfuglar skal trivast. Han har fjerna sitkagran og etablert ei blomstereng av norsk frøblanding.

Då er det eit paradoks at blomsterenga som veks naturleg i grøftekanten har blitt rasert.

Lars Magne Roksvåg

Lars Magne Roksvåg driv med bier og vil ha mest mogleg sommerblomster. Han er glad for at eit område med prestekragar har blitt spart frå kantslått.

Foto: privat

Må naudfore biene

Også bieoppdrettar Lars Magne Roksvåg reagerer sterkt.

– Blomstrar som berre er fem-seks-sju centimeter blir knuste heilt ned. Ikkje kom og sei at det er trafikkfarleg, seier Roksvåg.

Han har måtte naudfora biene sine fordi villblomstrane er vekk og fordi dei andre store blomstringane ikkje er i gang på grunn av lave temperaturar.

Torgeir Bye

Torgeir Bye er seksjonsleiar for vegdrift i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Foto: Statens vegvesen

– Maskinførarane er ikkje botanikarar

Dei siste åra har vegstyresmaktene hatt større fokus på å ta vare på det biologiske mangfaldet. Før kantklippen kartlegg dei kvar det er framande artar som ein ikkje ynskjer og kvar det er artsrikdom som bør få stå.

– Den viktigaste funksjonen med kantslått er å ivareta trafikktryggleiken og auka siktforholda. Å bevare artsmangfald kjem på andreplass, seier Torgeir Bye i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Han forstår at folk på Smøla er frustrerte over korleis kantslåtten er utført og meiner det er uheldig å barbere der det er er lavtveksande markblomar.

Bye seier dei gjer sitt beste, men det er mange omsyn å ta for dei som utfører jobben.

– Dei som sit i maskinene er ikkje botanikarar, seier Bye. Det er også vanskeleg å få til riktig timing på kantslåtten fordi det er så mange kilometer med veg i fylket.

Les også Utsetter kantklippen for å hjelpe insektene

Ugras i veikanten

Mister leveområda

Biolog Ingvild Fonn Asmervik i Naturvernforbundet forstår godt at folk reagerer når markblomstrane forsvinn.

– Det er viktige habitat for dei pollinerande insekta våre. Dei mister meir og meir av leveområda, seier Asmervik. Difor er det viktig at kantslåtten blir gjort på riktig måte.

Statens vegvesen har utarbeidd retningsliner for korleis det skal gjerast, men i 2020 var det fylkeskommunane som overtok ansvaret for størstedelen av vegnettet i landet. Asmervik meiner det er viktig at fylkeskommunane fylgjer opp.

Blir forbanna

Torill Skjærseth har feriehus på Smøla og nyt spaserturar med hund og barnebarn. I sommar har dei plukka fine blomsterbukettar langs ein lite trafikkert veg. Men heller ikkje desse blomstrane blei sparte for kantslåtten.

– Det her gjer meg eitrande forbanna, seier Skjærseth.

Kantslått på Smøla

Slik ser det ut langs den lite trafikkerte vegen der Torill Skjærseth har feriehus.

Foto: Jorun Marie Jonassen