Hopp til innhold

Slik var det å kome tilbake

Pårørande og overlevande etter terrorangrepet samla seg i går for å markere at det var eit år sidan tragedien. – Utøya er en fin øy. Nesten magisk, fortel Thorild Tønnesen Haugnes.

Utøya 22.juli 2012

Over 60 av dei 69 familiane som miste ein av sine var på Utøya i går.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Over 60 av dei 69 familiane som miste ein av sine var på Utøya i går. AUF'eren Thorhild Tønnesen Haugnes frå Kristiansund var også tilbake.

Tønnesen seier sjølv om det var fint å vere der, men at det var tøft på grunn av alle dei sterke minna.

– Dagen begynte ganske tidleg med å reise utover til øya, og vi møtte mange av dei som vi ikkje har sett på eit år. Det var veldig koseleg, men samtidig var det ein veldig tung dag, seier Tønnesen.

Betre enn forventa

Ho fortel om saknet etter dei som eigentleg skulle vore der, men at kvar gong ho går i land på øya blir det ikkje som ho frykta likevel.

– Men ein har tankar som rullar og går i bakgrunnen som skaper redsel. Det er det tøffe. Den tryggaste staden på jord, er ikkje alltid det likevel, fortel ho.

Ho har vore på øya fleire gonger etter tragedien i fjor, og gruer seg før kvart besøk.

– Det er ei veldig fin øy, og eg er fylt med glede når eg går i land der. Det er heilt rart. Nesten magisk, fortel jenta frå Kristiansund.

Utøya 22.juli 2012

– Det er ei veldig fin øy, og eg er fylt med glede når eg går i land der, seier Tønnesen.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Før besøket

Før besøket på øya fortalte Tønnesen at det ville bli veldig sterkt å kome tilbake.

– Eg tenker mest på at det kjem til å bli veldig trist. Ikkje minst å møte alle igjen – pårørande og etterlatne. Det vil bli veldig sterkt. Men på same tid vil det bli strekt å vere på Utøya same dagen som det heile skjedde for eit år sidan. men det vil bli veldig fint, sa Tønnesen før besøket.

Tøft for familiane

Kitty Eide

Kitty Eide seier at det har vore eit tøft år for dei etterlatne.

Foto: NRK

Kitty Eide i den nasjonale støttegruppa seier at det har vore eit tøft år for familiane.

– For mange har det vore viktig å få tilgang til øya og besøke stader der deira kjære vart drepne. Dei fleste ynskjer å gå rundt for seg sjølv, fortel Eide.