Til sjukehus etter kollisjon på Ellingsøyvegen
På Ellingsøyvegen i Ålesund har det vore ein kollisjon mellom to bilar ved Koppargjerdet.
Det er to personar involverte, og den eine måtte bli frigjort frå bilen. Vedkomande blei frakta til sjukehus for undersøking og behandling. Ifølge Leif Arne Mork, operasjonsleiar i politiet, er det truleg ikkje snakk om alvorlege skader.
Den andre føraren kom seg ut av bilen.
Ifølge politiet er det trafikale utfordringar på fylkesveg 526 som følge av kollisjonen.