Hopp til innhold

Syklistane irriterer bilistane

Bilistar har skubba til syklistane i det dei blei forbikøyrde. Diskuter her!

Video nsps_upload_2009_9_23_20_4_18_2351.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Syklistane ynskjer seg reine sykkelvegar.

Dei brukar sykkelen til og frå jobb heile året, og dei får selskap av stadig fleire. Og det er det mange som ergrar seg over.

Les:

- Noko av det som irriterer meg er syklistane som kjem peisande i køyrebanen for at vi skal sjå at dei er ute og trimmar når det likevel går ein flott sykkelsti rett attmed, seier Geir Bolsø.

Ikkje samde

Men syklistane er ikkje samde.

Geir Indergaard

Geir Indergaard

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

- Noko av dei verste situasjonane er når bilistane blir tydeleg irritert over at ein er i vegbanen og gjer tydelege ting for å markere at dei ikkje vil ha oss der, seier syklist Andreas Hjellbakk.

Les og:

I vegbana har syklistane dei same rettane og pliktene som bilistane. På fortau har fotgjengarane førsteretten. Men på gang- og sykkelvegar er det meir komplisert.

- Der har du vikeplikt i alle vegkryss, men du har forkøyrsrett i utkøyrslar. Og når ein i løpet av to sekund skal vurdere om dette er eit vegkryss eller ein utkøyrsel blir det vanskeleg. I tillegg skal bilisten som skal krysse gang - og sykkelstien gjere den same vurderinga, seier Geir Indergaard.

Sykkelvegar

Arne Over Rødstøl

Arne Ove Rødstøl

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Syklistane som NRK snakka med fortalte om at irriterte billistar har spruta på dei med vindaugsspylarane og skubba til dei i det dei blei forbikøyrde.

Det syklistane ynskjer seg er reine sykkelvegar.

- Anten oppmerka eit felt i køyrebana, eller ein sykkelveg som er skilt frå fortau og vegbane, seier Arne Ove Rødstøl.