Det er no oppretta ei styringsgruppe som skal arbeide med prosjektet "sykkelbyen Ålesund".
Sjølv om planlegginga skyt fart, vil det derimot ta nokon år før ivrige syklistar kan nyte godt av det.
Frå 2010 reknar overarkitekt i Ålesund kommune, Gudmund Hoel med at ein kan starte utbetringa på tre strekninger i Ålesund.
Gudumnd Hoel
Foto: Aina Rødal / NRK- Alle har vore veldig positive, men det som har mangla er at Statens Vegvesen har tatt tak i dette. Det har tatt litt tid, men no har dei gjort det. Dei har tilsett ein eigen sykkelkoordinator for Sunnmøre, seier Hoel.
Dyrt prosjekt
Det er eit dyrt prosjekt det er snakk om. 130 millionar kroner blei anslått då teikningane kom på bordet første gang.
Planen er at det på den to mil langa strekninga frå Blindheim till Skarbøvika skal bli bygt eigne køyrefelt for dei mjukaste trafikantane slik at det blir muleg å sykle tvers gjennom byen. No er det sett ned ei styringsgruppe som skal gjere at planlegginga går raskare.
- Vi er nokon som jobbar med dette både i kommunen og i vegvesenet. Så planen er at vegvesenet skal dra dei store linjene og sørge for at vi etterkvart får midlar. Vegvesenet dreg det tyngste lasset med cirka halvparten av midlane, og så kjem fylket og kommunen inn med ein fjerdedel kvar, er planen, fortel Hoel.
Samarbeid
Styringsgruppa skal planlegge korleis sykkelvegnettet skal bli til slutt. Dei skal også samarbeide med blant anna næringsliv, skular og ogranisasjonar. Etterkvart skal dei også drive med haldningsskapande arbeid. Men det er ikkje noko dei vil starte med når sykkelforholda er så dårlege som dei er i dag seier Gudmund Hoel.
- Vi vil ikkje gå ut no med store kampanjar for å få folk til å sykle. Det får kome når vi har fått litt meir skikk på vegane, seier han.