Det var høglydte protestar då forslaget om drastiske kutt i talet på tingrettar kom. Stortingsfleirtalet sa nei.
No foreslår regjeringa i staden å slå saman 60 rettskretsar, slik at dei blir reduserte til 23 for heile landet. Ingen domstolar skal leggast ned, seier regjeringa.
– Eg trudde denne type retorikk var forbeholdt Trump og hans stab, svarar sorenskrivar Elisabeth Wiik i Søre Sunnmøre tingrett.
Elisabeth Wiik er sorenskrivar i Søre Sunnmøre tingrett. Ho meiner politikarane er uærlege når dei hevdar at domstolar ikkje blir lagt ned.
Foto: privat– Er ikkje ærlege
Ho meiner politikarane ikkje er ærlege og at forslaget inneber ei sentralisering av domstolane. Ho meiner Møre og Romsdal er eit godt eksempel. Fylket har fire tingrettar og tre jordskifterettar. Alle dei sju domstolane har sine geografiske område dei dekker. Dei geografiske områda blir også omtalt som rettskretsar.
Med det nye forslaget blir det to rettskretsar, ein for tingrettane og ein for jordskifterettane.
– Då blir sju domstolar lagt ned og erstatta av to. Fem forsvinn, meiner Wiik.
Ifylgje domstollova kan det berre vere ein tingrett innanfor ein rettskrets.
Rettssak på bedehus
Regjeringa seier at ingen rettslokale skal leggast ned.
– At det skal vere rettslokale på alle plassane er noko heilt anna enn ein sjølvstendig domstol. Eit rettslokale kan like godt vere på eit bedehus, seier Wiik.
Ho meiner det er synd for innbyggjarane i distrikts-Noreg dersom forslaget blir vedteke og at det går utover rettstryggleiken.
– Dei fleste er sjeldan i retten, men dei som er der ofte, er som regel dei aller svakaste, seier Wiik.
Jenny Klinge (Sp) meiner ei samanslåing av rettskretsar betyr at to tredjedelar av tingrettane forsvinn.
Foto: Ann Eli Nøsen / NRK– Hor med ord
Jenny Klinge (Sp) i Justiskomiteen forstår ikkje korleis ein skal slå saman rettskretsar og samstundes ikkje legge ned domstolar.
– For å seie det rett ut. Det er hor med ord, seier Klinge.
Ho meiner ei samanslåing betyr at to tredjedelar av tingrettane blir lagt ned. Slik ho ser det vil dei tingrettane som mister sorenskrivarane og tingrettsstatusen bli underavdelingar.
Men er det viktig for folk flest kvar ein tingrett ligg?
– Det er ingen tvil om at det er forskjellig kor mykje vi nordmenn brukar domstolane, men det er klart det er ein stor fordel å ha rettsvesenet tilgjengeleg i heile landet, seier Klinge.
Ho meiner det bør lovast ei minimumsbemanning ved rettsstadane dersom forslaget blir vedteke.
Overraska over skuldingane
Statssekretær Lars Jacob Hiim (H) avviser ei sniknedlegging av domstolane.
Foto: Adrian Dahl Johansen / NRKStatssekretær Lars Jacob Hiim (H) avviser at dette er ei sniknedlegging av domstolane. Han er overraska over at sorenskrivaren skuldar regjeringa for å drive med Trump-retorikk.
– Vi foreslår å behalde akkurat dei same rettsstadane som i dag og dei skal vere bemanna. Faktisk blir retten til å få behandla saka på din lokale rettsstad styrka, seier Hiim.
Han meiner opposisjonen og spesielt Senterpartiet skaper eit feil inntrykk av at det blir færre stader å behandle rettssakene.
Målet med samanslåinga av rettskretsar er å auke kvaliteten og fleksibiliteten, der dommarane blir ein del av eit større fagmiljø. Ein kan også betre effektiviteten. I dag har mange domstolar eit stort arbeidspress, medan det er overkapasitet på mindre stader.
Garanterer mot nedlegging
Per-Willy Amundsen i Frp seier at partiet vil garantere for at alle lokale domstolar framleis skal eksistere.
Foto: NRKFrp var imot å legge ned domstolar då forslaget var til høyring i vår. Partiet har ikkje tatt stilling til saka før dei no skal diskutere den med regjeringspartia.
– Det viktigaste for oss er at vi skal garantere at alle lokale domstolar framleis skal eksistere, seier justispolitisk talsmann, Per-Willy Amundsen.
Han er svært kritisk til Senterpartiet si framstilling av saka.
– At det handlar om skjult nedlegging kan eg avkrefte fullstendig, seier Amundsen.