Goro, smultringar og fattigmann. Velkjende julekaker som alle involverer smult og frityrkoking.
Men mykje skjer i adventstida. Gåvepakking, rydding av hus og pynting av hus. Gryter kan bli gløymt.
For ei frityrgryte kan kome fullstendig ut av kontroll. Og då bør ein verkeleg ha utstyret i orden.
Branninspektør Endre Dahlen i Molde oppmodar folk om å passe ekstra godt på i jula.
Foto: Hilde Nerland / NRKDet vanlege er nyttelaust
Tek det først fyr i ei smultgryte er det vanskeleg å få sløkt den, som ein ser i videoen øvst.
CO2-apparat fungerer berre ei lita stund. Brannteppe og grytelok hjelp berre midlertidig. Tradisjonelle pulver- og skumapparat gjer berre vondt verre. Vatn er det siste du bør hive på! For frityrbrann må ein ha spesiallaga sløkkingsapparat.
– No i desember er det spesielt mykje bruk av frityr, og frityr kan forårsake svært alvorlege brannar, seier Endre Dahlen, branninspektør i Molde brann- og redningsteneste.
For sløkking av brann i frityr med vegetabilsk olje er svært vanskeleg.
– Vatn, som ein bruker på vanlege brannar, er heilt umogleg å bruke, slår Dahlen fast.
- Les også:
Saka held fram under bildet.
Ikkje hiv vatn på frityrbrannar er den klare moralen. Sjå videoen øvst for å sjå ulike sløkkemetodar og korleis dei fungerer på frityrbrannar. Her «eksploderer» frityrgryta på hundredelen vatnet treff. Nede til venstre i bildet ser ein det korrekte sløkkeapparatet, med grønt handtak.
Foto: Molde brann- og redningstenesteDobbelt så mange døyr
På bildet ser vi brann- og redningstenesta i Molde på brannøving denne veka.
Foto: Hilde Nerland / NRKI Molde har brannvesenet sett ekstra fokus på brannar som startar i kjøkkenet – typiske brannar i julemånaden.
Det gjer dei med rette, for nye tal frå norsk brannvernforeining viser at rundt 10 personar døyr i brann i desember månad. Det er dobbelt så mange som i resten av månadene i året.
Branninspektør Dahlen oppmodar folk om å passe spesielt godt på.
– Folk må passe på grytene og passe på å unngå tørrkoking. Tørrkoking vil seie at du for eksempel gløymer at plata står på og væska i ei gryte fordampar.
– Det som er oppi tek så fyr, noko som kan vere starten på ein mykje større og alvorleg brann, seier Dahlen til NRK.no.
Saka held fram under bildet.
Smultringar er godt likt gjennom heile året. I desember blir konsumeringa og heimeproduksjonen ekstra høg. Skal ein lage sjølv må ein ta visse forholdsreglar.
Foto: Keilen, Berit / SCANPIXForskjellar i aldersgruppene
Frityrbrannar skjer oftare i jula, men Dahlen er klar på at talet på brannar generelt aukar stort i desember.
– Vi ser at ulike aldersgrupper har forskjellige utfordringar.
– Ein del yngre kjem heim i jula og dreg på byen i romjula. Så kjem dei heim til mor og far igjen der ein «grandis» blir putta i omnen. Så sovnar dei frå heile greia, nemner branninspektøren som eitt eksempel.
For desember er den travlaste månaden for brannvesenet i Noreg.
– Mykje blir ordna i hus og heim, og ein driv ofte med fleire ting på same tid. Då er det fort gjort å gløyme kasserollen, avsluttar Dahlen, før han kjem med ei siste oppfordring til folk om å passe ekstra godt på.
Passar du ekstra godt på i jula? Og har du spesialapparat for sløkking av frityrbrann der du bur?