Hopp til innhold

Kva skjer med billettar og bonus- poeng dersom SAS går konkurs?

SAS la måndag fram ein kriseplan for å unngå konkurs. Dersom det likevel blir konkurs, kan det råke passasjerane. Men kva skjer eigentleg med billettar og bonuspoeng om så skjer?

Fly går inn for landing

SAS lanserte nok ein kuttplan måndag morgon. Her går eitt av flya inn for landing på Gardermoen.

Foto: Kleiven, Paul / SCANPIX

– Har ein kjøpt billettar vil dei fort vere tapt når flyselskapet går konkurs, fortel Roger Helde i Forbrukarrådet.

Roger Helde

Roger Helde, regiondirektør i Forbrukarrådet, er klar på at kredittkort er den sikre løysinga.

Foto: Forbrukerrådet / CF Wesenberg/kolonihaven.no

Sjeldan konkurs

SAS la i dag fram ein fempunktsplan, med varsla sal av Widerøe og bakkeselskap, kutt av 800 årsverk, endringar i pensjonsvilkår og nedjustering i lønningar.

Ifølgje Helde i Forbrukarrådet er det ikkje ofte at flyselskap går konkurs. Men det skjedde i januar 2012.

– Sist det skjedde var det Spanair som gjekk konkurs.

Inntil 2009 eigde SAS 94% av aksjene i Spanair. Då selskapet gjekk konkurs var der éin enkel måte folk fekk tilbake billettpengane på.

Eitt unntak, fleire stadar å klage

– Har ein betalt kontakt kan ein stille krav til konkursboen, men ein kjem då langt bak i køa, fortel Helde.

– Men dersom ein bestiller med kredittkort er ein betre sikra. Då kan ein få pengar frå kredittkortselskapet, og det er alltid ein fordel i slike samanhengar.

Ein må uansett sende krav til eit eventuelt konkursbo i SAS.

– Folk har tidlegare fått dekka tap ved bruk av debetkort, men dette er noko ein må spørje om, ikkje noko ein kan krevje.

– Får du ikkje det du har rett på, kan du klage til finansklagenemnda, seier Helde til NRK.no.

– Blir dekt av reisegarantifondet

For pakkereiser gjeld derimot noko anna.

– Der fungerer pakkereiselova, og då vil ein få igjen heile beløpet som blir dekt av Reisegarantifondet. Dette gjeld pakkereiser til syden, fotballturar og så vidare, slår Helde fast.

Dersom ein blir stranda i utlandet på pakkereise, vil Reisegarantifondet betale returreisa.

Igjen er han derimot klar på at kredittkort er ein fordel.

– SAS er ikkje konkurs, men i tilfelle der flyselskap går konkurs er det utan tvil ein fordel med kredittkort.

Bruk bonuspoenga om du er skeptisk

For dei med bonuspoeng er det derimot inga kjære mor.

– Bonuspoenga er tapt ved konkurs. Dei har kun verdi i SAS. Så om ein er redd for ein konkurs, så er det nok lurt å bruke poenga, meiner Helde.

Han fortel at Forbrukarrådet fekk svært mange henvendelsar i januar og februar då Spanair gjekk konkurs. Her er forslaga dei gav den gangen.

Sjølv om situasjonen i SAS ikkje er perfekt, er Helde klar på at det er viktig å ikkje få panikk.

– Det er viktig å understreke at SAS på langt nær er konkurs, avsluttar Helde.