Hopp til innhold

Dette gjer Marthe når bruktfunnet hennar stinkar

Mange kjøper gamle møblar, men kva gjer du dersom det luktar tobakk, muggen kjellar eller er fullt av flekkar?

Marthe Spjelkavik Nordset kjøper mykje brukte møblar. Her reingjer ho ein stol

Marthe Spjelkavik Nordset har gamle møblar både i atelieret sitt og heime.

Foto: Remi Sagen / NRK

Gamalt støv virvlar opp når Marthe Spjelkavik Nordset bankar stolputene hardt. Ho elskar gamle møblar, men før møblane slepp inn i huset hennar forsikrar ho seg om at dei er reine.

– Andre sine flekkar er ekle, så det må vere reint for at møblane skal få innpass i huset. Eg skrubbar og skurar, seier læraren og kunstnaren.

Det aller meste i huset hennar er brukt. Også atelieret er fylt med gamle møblar som ho finn på nett, loppemarknad eller bruktbutikkar. Som regel er bilen hennar full av bruktfunn.

– Det har vore slik av og til at eg har lurt på om eg må sette att eit barn for å få plass, ler Nordset.

Marthe Spjelkavik Nordset er hekta på gamle møblar

Bortsett frå sofaen er alle møblane i stova bruktfunn.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Snus inn møbelet

Når ho kjøper brukt brukar ho luktesansen. Ho har også ein kompis som brukar å hente brukte teppe for henne i Oslo. Han er pliktoppfyllande og luktar for henne.

– Kjellarlukt, fukt og røyklukt kjenner du, men med tida forsvinn som regel lukta. Det må berre stå og lufte seg, seier Nordset. Ho har opplevd at det tok tre år før kjellarlukta forsvann frå ein sofa.

Det første ho gjer når ho kjøper eit brukt tekstilmøbel er å banke putene godt og støvsuge både under og inni. Deretter sprayar ho det med ei blanding av eddik og vatn. Ho prøvar også å vaske bort flekkar, anten med møbelskum eller ei møbelrensemaskin.

Det har også skjedd at møbelet lukta så ille at ho måtte gi slepp på det. Ho såg potensiale i ein toseters sofa med muggflekkar, men då ho oppdaga at den også var full av midd heiv ho den ut.

Marthe Spjelkavik Nordset vaskar ein gamal sofa

Det tok tre år før kjellarlukta forsvann frå denne sofaen.

Marthe Spjelkavik Nordset vaskar ein gamal stol i atelieret

Denne stolen i atelieret får ein omgang med vatn og grønnsåpe

Marthe Spjelkavik Nordset er hekta på gamle møblar

Mange av teakmøblane i huset er arva frå Marthe sine besteforeldre. Dei røykte, men med god reingjering forsvann lukta.

Marthe Spjelkavik Nordset har gamle møblar i atelieret sitt

Marthe er oppteken av både kvalitet og form når ho kjøpar bruktmøblar.

Marthe Spjelkavik Nordset vaskar ein gamal sofa

– Ikkje kjøp usett

Brukte sofaer er noko av det mest etterspurde på Finn.no.

I Ørsta har firmaet Aktiv montering hendene fulle. Dei restaurerer gamle møblar og ser ei aukande interesse også blant yngre.

– Det beste rådet mitt er å ikkje kjøpe møblar usett, seier Håvard Olsen Stennes.

Han opplever at stolar som har stått i årevis i stova hos ein storrøykar, kan lukte så ille at det er vanskeleg å få bort. For å få bort lukta brukar firmaet ei oksygenmaskin. Møblane blir plassert i eit lite, lukka rom medan maskina går. Dei mest innrøykte møblane må gjennom behandlinga fleire gongar.

– Mugg ser veldig ille ut, men det er lettare å få reint enn røyk, seier Stennes. Deira filosofi er at dei først prøvar å behandle møblane, framfor å trekke dei om.

Ingun Grimstad Klepp har kort, krøllete hår, blå strikket genser og gullsmykke. Hun smiler og ser inn i kameraet.

Ingun Grimstad Klepp er forskar ved Oslo Met og meiner det er viktig å vere systematisk når ein skal reingjere møblar.

Foto: Sonja Balci / OsloMet

Gå systematisk til verks

Ingun Grimstad Klepp heiar på alle som kjøper brukte møblar. Forskaren ved Oslo Met meiner det er viktig å gå systematisk til verks når ein skal få bort lukt eller flekkar frå gamle møblar. Metodane avheng av kva materiale møbelet er laga av og kva som skal fjernast.

– Problemet med stoff som sit fast er jo at ein ikkje får vaska det og tørka det, så ein metode er å bruke eit middel som reinsar og som ein kan støvsuge bort etterpå, seier Klepp. Det finst mange slike møbelrensprodukt på marknaden, men problemet med såpe og ein del andre middel er at dei kan vere vanskeleg å fjerne.

Salmiakk kan også brukast. Dette fordampar, men luktar sterkt.

– Det kan hende at det enklaste er det beste. Å støvsuge møbelet godt, ha god luftig og god tørking. Så ser ein kva som skjer, seier Klepp.

Ho meiner at ein også godt kan søke hjelp hos spesialistar, som reinseri eller møbeltapetserar.

Gamle møblar har sjel

For Marthe betyr dei brukte møblane noko heilt spesielt. Ho er oppteken av at dei skal vere av god kvalitet og at forma skal ha klasisk design, reine enkle formar. Håpet er innsatsen ho legg ned i å ta vare på bruktfunn, gjer at møblane også kan gå i arv til barna.

– Det eg likar aller best er sjela og historiene som ligg i møbelet. Det å tenke at dette har vore brukt av folk. Dei har vore stolt av møbelet sitt og no er det vi som skal ta vare på det, seier Nordset.

Marthe Spjelkavik Nordset

Denne gamle Jærstolen har Marthe kjøpt brukt. Planen er å flette trådane på nytt, dersom ho får det til.

Foto: Remi Sagen / NRK