- Ideen er å lage eit kunstverk som skal handle om Ålesund, som blir påverka av Ålesund og som kan tenkast å vere ein motor for Ålesund si utvikling.
Sju tonn metall skal bli til kunst underteikna André S. Marandon
Foto: Remi Sagen / NRKDet seier kunstnaren sjølv, André S. Marandon. Når dei sju tonna er på plass og svevar i rommet her håper kunstnaren, som også er arkitekt, å inspirere til byutvikling.
Ramme som skal halde oppe sju motorblokker
Foto: Remi Sagen / NRK- Det er mange som tenkjer at dei bur i ein by å at byen berre er slik. Men ein by blir. Det er alltid nokon som gjer byen til det den er og andre menneske som kan gjere den til noko anna. Dei som bur i ein by kan påverke byen sin, seier Marandon.
Stor utfordring
Kunstmuseet i det erverdige gamle Norges Bank-bygget i Ålesund har rukke å bli fem år. Og det blir altså stål som møter publikum på jubileumsutstillinga.
- Det som er spennande med Marandon er at han utfordrar kunstinstitusjonen på alle måtar fordi han jobbar med så mange spektakulære ting.
Det seier Tove Lande som er kurator i Kunstmuseet Kube.
- Berre det at han jobbar med sju tonn gjer at vi blir strekt i alle retningar i forhold til korleis vi vanlegvis driv, seier Lande.
Kunstmuseet Kube.
Foto: Remi Sagen / NRK