Hopp til innhold

Siste dag i retten for Øvrelidsaka: – Grovt uforsvarleg

Ankesaka til Øvrelid-søskena mot Ulstein og Hareid kommunar har sin siste dag i Frostating lagmannsrett måndag.

Saka har gått mange rundar i rettsapparatet, og i den førre dommen frå lagmannsretten fekk to av fem søsken erstatning. Dei tre eldste fekk ingenting.

Høgsterett oppheva dommen for dei tre, og dermed var det klart for ein ny runde på åtte dagar i Frostating lagmannsrett.

Advokaten til søskena, Mette Yvonne Larsen, argumenterer i sluttprosedyren sin med at det er desse tre som har hatt den aller verste oppveksten, og at kommunane ikkje greip inn og berga barna frå ein valdeleg far.

– Det er grovt uforsvarleg. Enten burde faren vekk eller så burde barna vekk. Eit øydelagt liv lar seg aldri reparere, men det lar seg kompensere.

Advokaten til kommunane, Terje Marthinsen, skal ha sin prosedyre seinare i dag.

Mette Yvonne Larsen held si sluttprosedyre i Øvrelidsaka i Frostating lagmannsrett. Margareth Øvrelid, Sveinung Vikene og Egil Øvrelid.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK