Signerte kontrakt for ombygging av E39 Veibustkrysset
Fredag er det signert kontrakt mellom Statens vegvesen og entreprenøren Busengdal AS om ombygging av E39 Veibustkrysset i Sula kommune. Kontraktssummen er på rundt 78 millionar kroner, og arbeidet vil starte opp så fort som mogleg.
– Det er svært gledeleg at vi signerer kontrakt med ein lokal entreprenør for å bygge om eit ulykkesutsett kryss på E39, seier divisjonsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen.
Dagleg leiar Rolf Anders Håberg i Busengdal AS seier dei er svært fornøgde med å bli vald som hovudentreprenør.
– Dette er eit viktig samferdsels- og utbetringsprosjekt i vår region, som betyr mykje for veldig mange.