Seier nei til kommunedirektørens kuttforslag
Fleirtalskoalisjonen i Ålesund seier nei til kommunedirektøren sitt budsjettforslag for neste år. I ei pressemelding går det fram at Frp, Høgre og Ålesundslista vil skjerme oppvekstsektoren frå kutt. Dei bergar også Newton-rommet som er foreslått lagt ned. Dette er eit tilbod som skal styrke realfagskompetansen til elevane.
I staden legg dei inn omlag 23 millionar kroner meir i budsjettet til barn og ungdom.