Hopp til innhold

Satsar på tilsette med Aspergers

Kven ville ikkje satse på ei gruppe menneske som blir skildra som ærlege, strukturerte, intelligente, pålitelege, lojale og uthaldande? Likevel slit ni av ti personar med Asperger Syndrom med å få jobb etter vidaregåande skule. No satsar ei bedrift på å snu denne trenden.

Thomas og Sondre

Sondre Dragnes og Thomas Ystenes i djup konsentrasjon.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

To hovud i djup konsentrasjon framfor ein dataskjerm. Sondre Dragnes lagar ein presentasjon og Thomas Ystenes følgjer nøye med.

– Eg skal vise fram eit videospel eg driv å lagar, seier Dragnes.

Han er ein av dei som har fått jobb i Spesialistbedriften AS, selskapet som satsar nettopp på folk med Aspergers synsdom.

Sondre

Sondre er glad for å jobbe med videospeldesign.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Eg elskar å halde på med videospeldesign, så for meg er det kjempeflott at eg kan jobbe her, seier han.

Ystenes er samd, også han likar å jobbe med speldesign. Begge har aspergers syndrom og trivst med å ha fått seg jobb.

Satsar på fleire avdelingar

Merethe Mostue

Merethe Mostue er dagleg leiar i Spesialistbedriften AS

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Det er faktisk eitt av dei viktigaste kriteria for å få jobb her – at du har dette syndromet, seier Merethe Mostue.

Ho er dagleg leiar for Spesialistbedriften der fem unge gutar i Ålesund no har fått jobb. Selskapet er nyetablert og Mostue håper dei snart blir fleire.

Dei satsar stort: Bedrifta tilset no folk i Molde og skal også opne avdeling i Volda, med særleg vekt på animasjonsmiljøet.

– Dette er arbeidsoppgåver som er særleg interessant for mange av våre tilsette, seier Mostue.

Ni av ti får ikkje jobb

Arne Bjørdal

Arne Bjørdal trur mange bedrifter kan ha nytte av ordninga.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

I dag går om lag 90 prosent av alle som har Asperger syndrom frå skulebenken og rett ut i uføretrygd. Det meiner Arne Bjørdal i Spesialistbedriften er sløsing med ressursar.

– Dei som har Asperger er ofte kjende for å ikkje vere så sosiale, men det er ikkje den opplevinga vi har som jobbar her.

Hans oppleving er at trygge rammer rundt arbeidet gjer at det sosiale ikkje blir eit problem.

– Elles har dei tilsette her eit stort fortrinn når det gjeld å halde fokus, å vere uthaldande, og nøyaktig. Dette er eigenskapar vi må gjere nytte av, seier han

Har henta inspirasjon frå Oslo

Den nyetablerte bedrifta har latt seg inspirere av aspergerbedrifta Unicus i Oslo. Selskapet har om lag tjue tilsette som leiger ut tenester innan IT-testing.

Men medan Unicus satsar på folk med høg utdanning, ønskjer Spesialistbedriften å satse breiare. Deira mål er å skreddarsy opplegg i samarbeid med blant andre NAV.

– Vårt mål er å få så mange som mogleg ut i jobb, seier Arne Bjørdal. – Bedrifter som ønskjer å tilby arbeid til våre tilsette treng informasjon og støtte og det ønskjer vi å tilpasse til den enkelte bedrift for at dette skal fungere best mogleg.

Positivt næringsliv

Så langt har dei opplevd stor velvilje frå næringslivet. Interessa for å vere med på det som blir kalla sosialt entreprenørskap er absolutt til stades, seier Mostue.

– Eg trur årsaka til det er todelt. Mange ønskjer å støtte opp under tiltaka innan sosialt entreprenørskap, men det handlar like mykje om at bedriftene ser at dei har stor nytte av dette sjølve.

Ho viser til at deira tilsette for eksempel kan utføre spesialfunksjonar i bedriftene som mange andre vil finne kjedelege i lengda.

– Hovudmålet vårt er å hjelpe dei til å leve gode liv og få dei ut i arbeidslivet. Dei tenker litt annleis, blir ikkje distrahert på same måte som mange av oss, det er klart at dette må vere ein stor ressurs for næringslivet.

Hentar inn fire tilsette over nyttår

Tom Jørann Giske

Tom Jørann Giske er klar for å ta i mot nye tilsette over nyttår.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Hos selskapet ICD Softwear i Ålesund har dei hatt gode erfaringar med opplegget. Her lagar dei styresystem for den maritime næringa og over nyttår dei ryddar dei plass til fire personar frå Spesialistbedriften.

Prosjektsjef Tom Jørann Giske seier det ikkje var vanskeleg å bli inspirert då dei fekk høyre om bedrifta.


– Mykje av det vi driv med passar godt for denne gruppa. Vi går djupt ned i teknologien med veldig fokuserte oppgåver, seier han.

Han trur dette vil vere positivt for bedrifta på mange område.

– Kanskje får vi inn ein tilsett som er heilt genial, det veit vi jo ikkje før vi har prøvd, seier Giske med eit smil.

Blei inspirert av elev

På kontoret sitt i Ålesund gjer Mostue nye avtalar med bedrifter.

– Vi har fått inn ein million i aksjekapital, og med tanke på at vi har snakka med relativt få bedrifter til no, er det kjempebra, seier ho.

For Bjørdal har oppstarten av bedrifta ei forhistorie han gjerne vil dele. Somtidlegare lærar opplevde han å få ein elev som blei oppfatta som forstyrrande av skulen og av medelevane.

–Det viste seg likevel at han hadde heilt spesielle eigenskapar og interesser som gjorde han heilt spesiell, seier Bjørdal.

–Denne bygde han og ein til med 3D printer, seier han og viser fram ein hjelm og ei mekanisk hand frå ein monter. – Då eg såg kva denne eleven var i stand til å gjere – og samstundes høyrde frå NAV at dei fleste med Asperger blir uføretrygda, då skjønte eg at eg måtte gjere noko.

Fekk jobb som lærling

Pål Andre Nilsen

Pål Andre Nilsen er glad for at han har inspirert læraren sin til å få fleire ut i jobb.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Eleven som inspirerte Bjørdal til å starte bedrifta, heiter Pål Andre Nilsen. Han har no tilsett på vanleg lærlingkontrakt hos Optimar på Valderøya. Bedrifta leverer teknologi og utstyr til fiskefartøy, fiskeindustri og havbruksnæringa. Og med god hjelp frå NAV har dei fått til eit opplegg som fungerer.

– Eg er glad for å vere her, seier Nilsen. – Det er veldig mykje betre enn å sitje heime.

Han viser oss ei heis han teiknar i 3D, men syns mange av spørsmåla til NRK er vanskelege å svare på, han finn ikkje heilt orda. Men at han er stolt over å ha inspirert Bjørdal til å starte Spesielistbedriften, er det ingen tvil om. Han er glad for at mange andre no kan få hjelp til å komme ut i arbeid.

– Det er kjekt, det, seier han og smiler.

– Vi er veldig glade for å ha Pål med på laget, seier Nils Solevåg, som er ansvarleg for HMS i Optimar. – Pål er veldig påliteleg og nøyaktig med alle ting. Ja, kanskje med unntak av å gå heim til rett tid, da, seier han med eit smil, og viser til at han ofte blir så engasjert i det han held på med at han rett og slett blir verande på jobb.

For Bjørdal er det viktig at bedriftene har ei god oppleving. Han trur forholda skal ligge godt til rette.


– For å oppnå store ting må du ha meir fokus enn det vi som skal leve vanlege liv klarer å få til. Men dersom vi desse unike personane rom og tid til å gå i djupna på interessene sine, så kan det skje store ting.

  • Sjå tv-innslaga om bedrifta:
    Nitti prosent av dei som får Aspergers syndrom endar opp som uføre. Ei nystarta bedrift i Ålesund og Molde tilset no berre folk som har denne diagnosen.Dei meiner at dei tilsette er ein stor og uutnytta ressurs.
    Pål har aspergers og har fått jobb som lærling ved Optimar på Valderøya. der trivst han godt.