Hopp til innhold

MDG: – Anten forstår ikkje ministeren klimapolitikk, eller så er han berre flau

MDG kravde svar frå regjeringa om at bussbillettar har stige mykje meir enn bensin det siste tiåret. – Prisinga har ikkje vore for høg, svarar ministeren.

Ordfører Jon-Ivar Nygård, Fredrikstad (A)

MINISTEREN: MDG kravde svar om høge bussprisar

Foto: Rune Fredriksen / NRK

Mellom 2010 og 2020 auka prisane på buss tre gonger så mykje som bensinprisane.

Da NRK spurte samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) kva han tenkte om det – blei det stille.

Det fekk Rasmus Hansson i Miljøpartiet De Grøne til å reagere.

Rasmus Hansson MDG framfor eit lett snøkledd Stortinget

OPPGITT: Rasmus Hansson i MDG er oppgitt over regjeringa si kollektiv- og bilpolitikk.

Foto: Privat

– Flaue eller forstår ikkje

MDG og Hansson sende spørsmålet inn til Stortinget. Der er reglane slik at ministeren må svare innan seks vyrkedagar.

– Kvifor trur du ikkje ministeren har svara?

– Anten forstår han rett og slett ikkje poenget. Eg synast det er teikn på at regjeringa til Støre og Vedum ikkje forstår kva moderne klimapolitikk krev. Dei er vant til å snakke om det, men heilt uvant med å gjere noko, seier Rasmus Hansson til NRK.

– Eller så synast han det er flaut å forklare at han gjer det motsette av det han burde, seier MDG-representanten.

Kraftig prisauke på buss.
Prisauke 2010–2020: Diesel 12 % Bensin, 95 oktan, blyfri 14 % Passasjertransport på skjener 28 % Passasjertransport på veg 42 % Alle tal frå SSB
Foto: TUVA TAGSETH / NRK

– Bilpolitikken til Frp

Prisen på bensin steig altså med 14 prosent mellom 2010 til 2020. På same tid steig bussprisane med 42 prosent, ifølge tal frå SSB.

Det har Hansson i Miljøpartiet svært lite sansen for.

– Det er jo unison einigheit på Stortinget om at det skal satsast på kollektivtransport, og at det skal vere billig og godt. Denne regjeringa gjer det stikk motsette. Den fører vidare bilpolitikken Frp starta i 2013. Det blir stadig billigare å forureine og dyrare å reise miljøvenleg, meiner Hansson.

Tom buss i Tromsø

PANDEMI OG PRIS: Det har er mange tomme bussete rundt i Noreg om dagen.

Foto: Caroline Rugeldal

MDG har to konkrete forslag:

  • Dei vil kutte kollektivprisane med 20 prosent over heile landet.
  • Gjere slik at månadskort kan trekkast frå på skatten, noko som ifølge partiet gjer det 40 prosent billigare.

– Me er ekstra bekymra for endra reisevanar no etter pandemien, seier Hansson.

Han er redd folk venner seg til å køyre bil framfor buss og tog.

– Fossilbruken må ned mot null på forholdsvis kort tid. Me må berge oss frå ei global oppvarming som vil koste enormt mykje.

Spørsmål til samf.minister

– Prisinga ikkje for høg

Åtte dagar og ei handfull purringar etter at NRK spurte om dei auka bussprisane, kom svaret frå minister Jon-Ivar Nygård. Det var dagen etter at MDG tok opp saka i Stortinget.

– Fram til koronautbrotet har talet på reisande auka i takt med at kollektivtilbodet har blitt stadig betre. Det er ikkje rart at eit utvida tilbod kostar noko meir. Det at stadig fleire har funnet vegen til kollektivtrafikken, er eit teikn på at prisinga ikkje har vore for høg, skriv samferdselsministeren.

Ministeren har det overordna ansvaret for rammevilkåra for kollektivtrafikken i Noreg. Men Nygård peiker på at fylkeskommunane har ansvaret for det lokale kollektivtilbodet og takstane.

– Eg kjenner til at fleire fylkeskommunar arbeider med nye billettprodukt nå som følge av endra reisevanar, og eg vil ønske dei lykke til i arbeidet med å utvikle kollektivtilbodet nå i ein spesielt vanskeleg periode, skriv minister Nygård.

Reaksjonar på at buss har stige tre gonger så mykje som bensin

REAKSJONAR: Ikkje alle synast at prisinga av buss er heilt korrekt.

Foto: Frå NRK Møre og Romsdal si Facebook-side

Låge bensinprisar i 2020

Nygård nemner også at det er sett av rundt 320 millionar kroner reduserte billettprisar i storbyar, og at regjeringa er opptatt av tilskot for å legge til rette for kollektivtransport, sykling og å gå.

Ministeren peiker på at bensinprisane var relativt låge i 2020 og at dei svingar kraftig.

Det er nettopp difor SSB tilrår å bruke statistikk for heile år.

Om ein bruker tal for oktober 2011 til oktober 2021 har auka i bussprisane «berre» vore dobbelt så høg som for bensin.

Kva synast du om bussprisane i Noreg?

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL