Hopp til innhold

Prisen på buss har stige tre gonger så mykje som bensin dei siste ti åra

Auka bensinprisar høyrer ein mykje om. Men bensin og diesel har faktisk relativt sett blitt billigare dei siste ti åra – i sterk kontrast til buss.

Tre VG3-jenter framfor Molde busstasjon i snødrev. Skal ta bussen.

SLUTT PÅ BUSS: To av jentene har heilt slutta å køyre buss.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Eg slutta med buss fordi det berre blei dyrare og dyrare, seier 18-åringen Eva Marie L. Nøsen.

Saman med venninnene Mia K. Lystad og Stine Johanne Hole skal ho ta buss saman med NRK. Det er ikkje så ofte dei gjer lenger.

Før tok eg buss, men no tar eg heller bilen. Eg prøver å finne gratis parkering i staden for å betale dyr billett, seier Hole.

Dei siste ti åra har prisen på bussbillett stige tre gonger meir enn prisen på bensin.

Prisauke 2010–2020:
Diesel 12 %
Bensin, 95 oktan, blyfri 14 %
Passasjertransport på skjener 28 %
Passasjertransport på veg 42 %
Alle tal frå SSB
Grafikk: Tuva Tagseth / NRK

Kraftig prisauke på buss

Molde-jentene finn eit ledig sete på bussen. Dei er det mange av. Dei er sjokkerte over den kraftige auka på bussbillettar.

– Det er jo heilt sjukt! Politikarane seier at me skal reise meir kollektivt. Så skjer rake motsetninga. Det er jo billigare å køyre bil enn å ta kollektivt. Totalt krasj, seier Mia K. Lystad.

To Molde-jenter på bussen mot Nordbyen. Snør utafor.

DYR FORNØYELSE: Mia har månadskort til 500,-, medan Eva betalte 49,- hos bussjåføren for enkeltbillett. Aleine i bil hadde turen kosta 15 kroner, etter statens satsar.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Det tvinger oss i ei retning, me går jo på skulen og har ikkje så mykje pengar. Ingen vil reise kollektivt og tenke på miljøet når det er billegare å investere i ein bil, meiner Nøsen.

Ho legg til at det gjerne er dei som ikkje har råd til å kjøpe bil som må køyre buss.

– Dei høge billettprisane set dei i ein vanskeleg situasjon, seier 18-åringen.

– Mykje tid på dieselprisar

Leiar Sigrun Aasland i klimaorganisasjonen Zero er veldig overraska over den store prisveksten på buss, bane og tog dei siste åra.

– I valet mellom grønt og fossilt må det jo vere billigast å velje grønt. Og dette er det politikarane som bestemmer. Dette er eit av mange eksempel på kvifor det grøne skiftet går så seint, seier Aasland.

Ho meiner kollektivtransport vil vere mest klimavenleg, sjølv når dei fleste bilane med tida blir elektriske.

– Me brukar mykje tid på å diskutere dieselprisar, men mykje mindre tid på å diskutere prisane på kollektivtrafikk, seier ho.

Samtidig er ho bekymra for at det har vore vanskeleg å få folk tilbake på buss, bane og tog etter nedstenginga.

– Kollektivt må bli enklare, betre og billigare – og staten må bruke pengar på dette, seier Zero-leiaren.

Bensin og dieselpriser, skilt i Molde

SYNLEGE PRISAR: Zero-leiaren seier me bruker mykje tid på å diskutere drivstoffprisar.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Ikkje berre sympati med bilistar

– Dette er trist. Om det fortset vil me verken nå klimamåla eller eit meir rettferdig Noreg, seier SVs Mona Fagerås.

Ho meiner me treng høgare avgifter på forurensande bilar og billegare kollektivbilletter.

– Eg håpar regjeringa tar dette på alvor, at dei har sympati med busspassasjerar og ikkje berre bilistar.

Ministeren

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) har det overordna ansvaret for tog- og kollektivtransport i Noreg. I erklæringa frå Hurdal heitte det at regjeringa er opptatt av å auke persontrafikken med kollektivtransport.

Likevel har ikkje ministeren svart på spørsmål, trass ein handfull purringar.

Dette var spørsmåla:

– Både SV og klimaorganisasjonen Zero ber regjeringa om å sørge for at det blir billegare prisar på buss, bane og tog. Kva er svaret på oppfordringa?

Kva tenker ministeren om at prisauken på buss har vore tre gonger så høg som på bensin det siste tiåret?

Heller ikkje partiet Høgre, som sat bak rattet i det meste av perioden med prisauken, har svart på våre spørsmål.

Stop-knapp på bussen med to Molde-jenter (18) i bakgrunnen

STOPP: Molde-jentene ville gjerne ha stoppa prisveksten. Men det er visst ikkje så lett.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Forkasteleg og skammeleg

Lønsauka i Noreg har vore rundt 35 prosent det siste tiåret.

Altså har bensin og diesel blitt betrakteleg billegare for folk flest, samtidig som buss altså har blitt betydeleg dyrare.

– Forkasteleg og skammeleg, meiner ein student på busstasjonen i Molde.

Jentene på Molde VGS er einige.

– Det er veldig dumt. Eg ventar heller nokre timar på mamma etter jobb og sitt på med henne, enn å ta bussen etter skulen. Det er så sjukt dyrt, seier Eva Marie L. Nøsen.