Ole Johnny Amundsen har ein travel dag som butikksjef på Norli på Åndalsnes. Han gler seg til å sjå heimkommunen på kinolerretet når den sjuande Mission Impossible-filmen har premiere neste veke.
– Det er jo heilt fantastisk. Håra på armane reiser seg berre vi pratar om det, seier Amundsen og viser fram gåsehuda på arma si.
– Kor mykje av Rauma trur du blir med i filmen?
– Er ikkje heile filmen frå Rauma då?
VAN MED CRUISE: Ole Johnny Amundsen gler seg til å sjå Tom Cruise utføre umoglege oppdrag i nærområdet sitt.
Foto: Eline Håker / NRKNoreg spelar Austerrike
Etter pressevisinga av filmen torsdag, kan kulturkommentator Inger Merete Hobbelstad stadfeste at scenene frå Møre og Romsdal er romslege – og viktige – i sluttproduktet.
– Nesten heile siste del av filmen går føre seg i det nordvestnorske landskapet, fortel ho.
Sjølv om handlinga i filmen skjer i Austerrike, er Hobbelstad overtydd om at scenene vil fungere som reklame for fylket. Samtidig meiner ho at klippa frå Noreg er viktige, uavhengig av effekten på turistnæringa.
– Dette landskapet går no inn i actionfilmhistorien. Det er omgivnad for nokre av dei vanskelegaste stunta som nokon gong er laga. Det er gjævt i seg sjølv, seier ho.
Det spektakulære stuntet der Tom Cruise hoppar ut med motorsykkel frå Helsetkopen i Hellesylt på Sunnmøre, er alt sett av 13 millionar menneske på YouTube.






Stuntet skal være det største Tom Cruise noensinne har gjort. Det er over 1000 høydemeter fra Helsetkopen til vannet nederst i dalen. Cruise gjorde hoppet uten annen sikring enn fallskjermen på ryggen. (Ser du ikke videoen, skru av batterisparing på mobilen).
Video: Paramount PicturesKritiske mot insentivordninga
Sjølv om mange meiner det er artig å sjå Noreg på kinolerretet, er ikkje alle like fornøgde.
– Mange synest det er problematisk at utanlandske produksjonar får så himla mykje pengar frå staten, fortel Hobbelstad.
HISTORISK: Torsdag fekk Inger Merete Hobbelstad sjå pressevisninga av Mission Impossible. Ho meiner den er med på å skrive Noreg inn i filmhistoria.
Foto: INA STRØMDå den sjuande Mission Impossible filmen søkte om pengar i 2020, fekk dei 68 millionar norske kroner frå Norsk filminstitutt gjennom intensivordninga. Då var det ikkje att pengar til andre filmproduksjonar.
– Hodejegerne, basert på universet til Jo Nesbø, måtte spele inn store delar av filmen i Litauen. Sjølv om dei ønskte å spele inn i Noreg, forklarer Hobbelstad.
Noregs Hollywood
Tilbake på Åndalsnes fortel ordførar Yvonne Wold at ho set stor pris på å vere vert for store internasjonale produksjonar.
– Vi begynner å bli litt sånn Noregs Hollywood, seier ho med eit smil.
I tillegg til norske TV-seriar som 71 grader nord og Kompani Lautizen, har Rauma blant anna vore kulisse for Succession, Top Gear, Black widow.
– Det gir oss mykje aktivitet her når dei er her, og mykje merksemd i ettertid, forklarer ho.
STOLT: Ordførar i Rauma, Yvonne Wold, er stolt over at internasjonale produksjonar stadig kjem til kommunen.
Foto: Eline Håker / NRK– Oi, det er ganske fint her
På Norsk Tindesenter har resepsjonist Hannah Rekdal merka auka interesse for heimkommunen.
– Det gjer jo at folk blir litt meir obs på at det er ein stad som eksisterer, seier ho.
Sjølv om ho ikkje har sett dei tidlegare Mission Impossible-filmane, har ho tenkt å få med seg Rauma på kinolerretet.
– Når ein ser naturen på måten dei vil framstille den, blir eg sånn, oi, det er ganske fint her.
PÅMINNING: Når raumaværingen Hannah Rekdal ser heimkommunen på kino blir ho minna på naturen rundt ho.
Foto: Eline Håker / NRK