Hopp til innhold

Ras trefte motorsyklist i Trollstigen

Trollstigen vart stengt etter eit steinsprang trefte ein motorsyklist tysdag. No er vegen open igjen.

Naudetatane rykka ut til melding om eit ras eller eit steinsprang i Trollstigen i Rauma tysdag. Ein motorsyklist blei treft, men er ikkje skadd, opplyser politiet.

Dei meldte om ulykka like før klokka 12:00.

– Nokre steinar har kome ut i vegen og treft ein motorsykkel. Vi veit ikkje om føraren er treft av steinen eller om han har velta då steinen trefte sykkelen, seier Arild Reite i politiet.

Trollstigen stengt etter steinsprang som trefte motorsyklist

Motorsyklistane kom frå uhellet utan skadar.

Foto: Arnt Morten Olsen

Ikkje skadd

Steinspranget skjedde høgt oppe i Trollstigen, i nærleiken av Stigfossbrua.

Politiet opplyser at motorsyklisten er ute av området, og er i kontakt med naudetatane nede i enden av Trollstigen. Han skal ikkje vere skadd. Det skal vere noko materielle skadar på fleire motorsyklar, skriv politiet på Twitter.

Raset gjekk i Trollstigen som ligg like utanfor Åndalsnes i Rauma.

trollstigen

Trollstigen er ein av dei mest besøkte turistvegane i Noreg, og er normalt svært trafikkert om sommaren. Det vart kø då vegen stengde klokka 12.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Veg opnar før klokka 19

Brynjulv Eide, teamleiar for vegdrift i Møre og Romsdal fylkeskommune, opplyser at Trollstigen vil opne før klokka 19 tysdag kveld.

Ein geolog frå fylkeskommunen har undersøkt området der steinspranget har gått. Det har òg vore undersøkt med drone.

Klokka 19 er vegen rydda, og Trollstigen opnar etter å ha vore stengd i over seks timar.

På grunn av mykje trafikk, vil det vere dirigering i området. Det skriv politiet på Twitter.

Trollstigen stengt etter steinsprang som trefte motorsyklist
Foto: Arnt Morten Olsen

Tidlegare tysdag fortalde Arild Reite i politiet at det er opp til entreprenør og vegeigar, som er fylkeskommunen, å bestemme når det er trygt å opne vegen.

– Dei vurderer om dette er slik at ein må stenge vidare eller om ein kan opne. Det er ikkje uvanleg at det går steinsprang i Trollstigen.